Bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i Hyllestad kommune

Hyllestad kommune har vedteke lokal forskrift som opnar for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Føremålet med forskrifta er å avverje alvorleg skade på natur- og samfunnsinteresser som følgje av høg bestandstettleik av hjort, og å bidra til at kommunen når måla for hjorteviltforvaltninga. 

Hyllestad får 900.000 til å utvikle framtidas bustadtilbod

No startar arbeidet med “Bygg og bu i Hyllestad”.Korleis kan vi gjere det enklare å finne ein stad å bu i Hyllestad? Kva bustader treng vi i framtida? Og korleis kan vi legge til rette for både unge etablerarar, tilflyttarar og eldre som ønskjer å bli buande i kommunen? Desse spørsmåla skal stå sentralt når Hyllestad kommune no set i gang prosjektet “Bygg og bu i Hyllestad”. Prosjektet har fått 900 000 kroner i støtte frå Husbanken og er eitt av prosjekta som har fått tilskot gjennom den nasjonale satsinga på bustadutvikling i distrikta. 

Spørjetimen til kommunestyret 17.09.2026

Har du spørsmål til ordførar eller kommunestyret?

Rygg inn - Køyr ut

Sjølv om farten er låg, skjer det ofte ulykker på parkeringsplassar.

Spelemidlar 2027 – Søknadsfrist 15.oktober 2026

NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26.

Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Hyllestad kommune

Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Hyllestad kommune har vore på høyring i perioden 07.07.2026-07.08.2026. Forskrifta skal handsamast i i Hyllestad kommunestyre 17.09.2026.Fram til eit eventuelt positivt vedtak i kommunestyret føreligg så er det forbode med bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Hyllestad kommune.

Hans Majestet Kong Harald V - 1937 - 2026

Det er med sorg vi har motteke meldinga om at Kongen er gått bort.

Tilbod om sorggruppe

Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein nærståande, og er ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre i liknande situasjon. Gruppa vert leia av to fagpersonar. 

Droppe belte i buss?

Ein bråstopp sender deg skummelt langt…

Melding om vedtak - Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026 - 2036

Hyllestad kommunestyre har i sak 26/030, den 18.06.26 fatta følgjande vedtak:I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 vedtek Hyllestad kommunestyre “Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2036”