Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar

Velkomen som jobbsøkjar til stillingar i Hyllestad kommune, så kjekt at du er interessert.  Vi håpar du vil finne ei stilling som du har lyst å søkja på.

> Ledige stillingar i Hyllestad kommune           

> Sjå/endre CV  

Barn som syng - Klikk for stort bileteKulturskulekonsert David Zadig

Vil du bli vår nye medarbeidar?  

Søknadsprosessen

Vil du søkje på ei ledig stilling i Hyllestad kommune, må du registrere CV og sende søknaden elektronisk.  Lenkje til søknadsskjema finn du i den aktuelle stillingsannonsa.  Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukarident og eit passord i Easycruit.

Når du har sendt oss ein søknad vil du få ein automatisk e-post som stadfestar at søknaden din er motteken.  Vi nyttar Easycruit i kommunikasjon i ein tilsettingsprosess, som oftast via e-post.  Svar på søknaden din vert sendt via Easycruit òg.  Om du ikkje mottek ein e-post når du sender inn søknaden din/forventar å få svar, sjekk gjerne spamfilter/søppelpost om melding frå kommunen ligg der.  

Er du interessert i fleire stillingar, må du senda ein søknad per stilling.

Du kan sende inn kopi av vitnemål, attestar, kursbevis med meir gjennom portalen, eller du tek dei med til eit eventuelt intervju eller på førespurnad.   Enklast er å sende oss ein link til Vitnemålsportalen.

Utsending og signering av arbeidsavtale

I Hyllestad kommune nyttar vi e-signering ved utsending av arbeidsavtlar.  Arbeidsavtalen og skjema for teieplikt og ikt-reglement vert sendt ut elektronisk i posten si e-signeringsløysing.  Du får ei lenkje frå Posten som du føl for å akseptere eller avslå tilbod om stilling.

Om du vel å ta i mot stillinga, signerer du dokumenta elektronisk innan svarfristen.  Når du har signert arbeidsavtalen, får du høve til å laste den ned og du kan òg finne den i di digitale postkasse om du har det.

Takke nei til tilbod om stilling

Om du har fått eit jobbtilbod, men ønskjer å takke nei, så føl likevel lenkja frå Posten, men trykk avbryt og avvis.  Dette vert då meldt tilbake til avsendar at du har takka nei til stilling.

CV i basen vår

Du treng ikkje å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Hyllestad kommune.  Du brukar den CV'en du har lagt inn i Easycruit og skriv ein søknadstekst i tillegg.  Du kan sjølv slette CV'en din når du ikkje lenger ønskjer å ha den liggande i CV-basen vår.   
OBS at ein CV ikkje blir liggande lenger enn seks månader i basen.

Generell søknad/opne søknader

Hyllestad kommune er ein offentleg organisasjon som i tråd med offentleg lovverk og kommunen sitt personalreglement er pliktig å lyse ut ledige stillingar.  Dette gjeld både faste stillingar og vikariat.  Vi har soleis ikkje høve til å motta opne søknader eller foreta tilsettingar via slike henvendigar. 

Ledige stillingar vert lagt ut på nettsidene våre.

Politiattest

Ei rekkje stillingar krev at du viser fram politiattest før tiltreding. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søkjer, men før du tek til i stillinga. 

Du treng politiattest dersom du søkjer stilling mellom anna innan barnevern, brannvern, helsepersonell som arbeider med born, utviklingshemma eller skal oppnemnast som representant for mindreårige asylsøkjarar, barnehage, skulefritidsordning og grunnskulen.  Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader.

Søk digitalt om politattest via Politiet sine nettsider

Offentleg søkjarliste 

Vi gjer merksam på at namn på søkjar til dei ulike stillingane kan verte offentleggjort, sjølv om du som søkjar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.  Du vil i så fall verte kontakta på førehand.

Vanlege tilsettingsvilkår

Tilsetting i kommunen skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk, tariffavtale og lokale avtalar.  Tilsette har pensjonsordning i KLP, alternativt SPK for undervisningspersonale.  For dei fleste stillingane er det seks månaders prøvetid.

Hyllestad kommune ønskjer deg velkomen som søkjar til stilling hos oss!

Elin Garnes Solås
Kommunalsjef /HR-leiar
Sentraladministrasjonen
E-post
Telefon 57 78 95 04
Mobil 90 50 79 08
Gjermund Flage
Kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 93 21 87 80