Opningstider Hyllestad Folkebibliotek

I veke 39 er biblioteket ope tysdag kl 10-15 og torsdag kl 14-19.  

Tilbod om sorggruppe

Til deg som har mista ein nærståande

Open brannstasjon laurdag 23. september kl. 11 - 14

KVERNSTEINSPRISEN 2023

Kjenner du nokon som fortener Kvernsteinsprisen?   Send inn grunngjeve forslag innan 30.09.23 til: Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad, eller på epost: postmottak@hyllestad.kommune.no

Høyring av lokal forskrift om gebyr for areal og byggesak

Hyllestad kommune legg forslag til ny lokal gebyrforskrift for areal og byggesak ut på høyring. Føremålet med ny gebyrforskrift har vore å tydeleggjere dei ulike oppgåvene kommunen har knytt til sakshandsaming etter plan- og bygningslova, eigarseksjonslova og matrikkellova, og kva kostandar dette medfører. Gjeldande forskrift blei vedteken i Hyllestad kommunestyre 09.12.2010.

Høyring av lokal forskrift for vatn- og avløpsgebyr

Hyllestad kommune legg forslag til ny lokal forskrift for vatn- og avløpsgebyr ut på høyring. Bakgrunnen for utarbeidinga av ny forskrift er at kommunen ynskjer ei forskrift som er betre tilpassa dagens forhold, og nytt lovverk. Gjeldande forskrift blei vedteken i Hyllestad kommunestyre 03.04.2001.

Førehandsrøysting til klokka 19:00, torsdag 07. september!

Torsdag 07. september kan du førehandsrøyste frå klokka 09:00 til 19:00 i ekspedisjonen på kommunehuset!

Informasjon om pasientreiser

Endeleg er ordning med pasientreiser på plass ved intern transport i kommunen.

Fugleinfluensa

Det er ikkje funne fuglar som har vore smitta av fugleinfluensa i Hyllestad kommune per 7. august 2023. Kommunen er i beredskap om det skulle bli oppdaga fugleinfluensa.

Står du i manntalet?

Du må ha røysterett og stå innført i manntalet for å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. No kan du sjekke om du står i manntalet.