Står du i manntalet?

Manntalet for Hyllestad kommune ligg no ute til offentleg ettersyn i vestibylen på kommunehuset.

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i Hyllestad kommune. For å kunne røyste ved Stortingsvalet må du stå innført i manntalet. Sjekk i manntalet som ligg i vestibylen på kommunehuset om du er med der.

Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen ein er folkeregistrert i per 30. juni 2025. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter denne datoen er du framleis registrert i manntalet i den kommunen du flytta frå. På valdagen kan du kun røyste i den kommunen du er manntalsført. Du kan førehandsrøyste i den nye kommunen fram til 5.9.

Om du ikkje står i manntalet, må du melde frå til valstyret i kommunen din og krevje feilen retta. Kravet om retting av manntaleg (klage) må fremjast skriftleg til valstyret i kommunen.

Du kan sende per e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no eller per vanleg brev til 

Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7

6957 Hyllestad

Kven har røysterett ved Stortingsvalet?

For å ha røysterett ved Stortingsvalet må følgjande krav vere oppfylt:

  • Du må vere norsk statsborgar
  • Du må ha fylt 18 år innan utgangen av valåret (2025)
  • Du må vere, eller tidlegare vore, folkeregistrert som busett i Noreg
  • Du ikkje har mista røysteretten