Innbyggjarundersøking 2025 knytt til kommuneplanen - Vi ønskjer dine innspel!

I samband med pågåande revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel vert det invitert til innbyggjarmedverknad.

Innbyggjarundersøking 2025

Vi ønskjer gjerne å vite kva du tenkjer om ulike tema:

  • Er du for eller imot utbygging av vindkraft?
  • Kva synest du om å bu i Hyllestad?
  • Kva meiner du kommunen bør satse på framover?


Alle folkeregistrerte innbyggjarar over 15 år frå ein SMS med lenke til undersøkinga den 16.06.2025. Dette gjer vi for at flest mogleg skal få sjansen til å delta.

Har du budd i Hyllestad tidlegare - men er no flytta ut? Du kan likevel delta, vi vil gjerne høyre frå deg òg.

Resultata frå undersøkinga vil bli brukt i planarbeidet og i utviklinga av kommunen sine tenester.

Alle svar er anonyme. Opplysningar som alder, kjønn, postnummer og utdanning er obligatorisk å svare på. Desse bakgrunnsvariablane er nødvending og har som formål å (1) sjekke at innsamla data er eit representativ utsnitt av befolkninga og (2) finne forskjellar mellom ulike innbyggargrupper.  Merk: Opplysningane vil ikkje bli brukt saman på ein måte som gjer det mogleg å identifisere enkeltpersonar.

Bruk knappen ovanfor eller scann qr-koden nedanfor.  Undersøkinga tek 5 - 10 minutt.

Takk for  at du tek deg tida!

QR-kode - Klikk for stort bileteQR-kode Hyllestad kommune