Tidlegrøysting ved Stortingsvalet

Tidlegrøysting er for deg som ikkje har høve til å røyste på valdagen 8. september eller i den ordinære førehandsrøysteperioden 11.-5. september.

Det er høve til tidlegrøysting i perioden 1. juli - 8. august 2025.

Slik avtalar du tid for å røyste

Kvar: Kommunehuset på Hyllestad

Tidsrom: Kl 09.00 - 15.00 mandag - fredag

Grunna ferieavvikling ber vi om at du ringer 57789504 på førehand for å sikre at her er personell til stades. I veke 32 vil det diverre ikkje vere høve til å førehandsrøyste.

Meir informasjon om tidlegrøysting

Hugs gyldig legitimasjon! 
Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for røystemottakar, får du ikkje røyste. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 

Før valdagen kan du røyste i kva som helst kommune i landet. På valdagen må du røyste i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni 2025. Du kan berre røyste ein gong. 

Elin Garnes Solås
Kommunalsjef /HR-leiar
Sentraladministrasjonen
E-post
Telefon 57 78 95 04
Mobil 90 50 79 08
Ingvill Ytredal
Økonomi og personalrådgjevar
E-post
Telefon 57 78 95 08