Resultat frå innbyggjarundersøkinga

No kan du sjå resultata frå innbyggjarundersøkinga som vart gjennomført perioden 17/06/2025 til 1/07/2026. 
Vi fekk inn heile 332 svar. Innspela vert tatt med vidare inn i planarbeidet.

Daniel Kvammen under Sommargry 2025 Sergii Afanasiev

 

Om undersøkinga

I undersøkinga vart innbyggarane spurt om, mellom anna, kor fornøgd dei er med å bu i kommunen, kva inntrykk dei har av tenestene som kommunen tilbyr og haldingar til utbygging av vindkraft i kommunen.

For å nå ut til flest mogleg innbyggarar, sende vi ut over 1050 SMS-ar til alle som er folkeregistrerte i Hyllestad kommune og som er minst 16 år gamle. Heile 332 innbyggarar deltok, noko som gav ein svarprosent på 31,44%

Tusen takk til alle som deltok!

Resultata frå Innbyggjarundersøkinga 2025.pdf (PDF, 552 kB)

Kva blir resultata brukt til?

Innbyggjarundersøkinga vart gjennomført i samband med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og vert tatt med vidare inn i planarbeidet. Resultata dannar også et grunnlag i arbeidet med utvikling av tenestene våre. I resultata kjem det fram at innbyggarane er fornøgde med dei fleste kommunale tenestene, men det finst alltid forbetringspotensiale når vi arbeider med utviklinga av tenestene våre.