Aktiv på dagtid – ein populær møteplass i Hyllestad!

Kvar tysdag og torsdag kl 11 – 13 er døra til treningsrommet i Hyllestadhallen open. Personleg trenar, Vladyslav, har ei økt på ca 20 minutt i starten kvar gong

Personleg trenar Vladyslav på treninigssenteret i Hyllestadhallen - Klikk for stort bilete Berit Hovland

Vladyslav viser ulike øvingar og rettleiar når det trengst. Bartje som er fysioterapeut i kommunen har overordna ansvar. Elles er det opp til kvar enkelt kva ein vil gjere. 

Det kostar 45 kr per gang.

«Aktiv på dagtid er sosialt, kjekt og gjer godt for kroppen», seier Berit Hovland som er kontaktperson for Aktiv på dagtid i Hyllestad.

 

Har du spørsmål om Aktiv på dagtid,  ta kontakt med Berit på telefon 91 81 85 90.

 

Deltakar ved aktiv på dagtid trenar på treningsapparat - Klikk for stort bilete Berit Hovland
deltakar ved aktiv på dagtid trenar på treningsapparat i Hyllestadhallen - Klikk for stort bilete Berit Hovland

Bli med du også!