Overlevering av garderobeanlegg - Hyllestad Barnehage

Hyllestad kommune overtok 13.02.2025 eit nytt, flott og etterlengta garderobeanlegg for dei tilsette. 

Hyllestad barnehage med Lihesten i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Rolf Hatlem

Damegardaroben er dimensjonert for 20 tilsette og herregarderoben for 10. Det vil sei at det no er slutt på at tilsette må stå i gangen å byte klede, i tillegg har dei fått mogelegheit for å dusje. 

Både herre- og damegarderoben er utstyrt med HWC med dusj. I tillegg er ein dusj plassert i eige avlukke. 

Tilbygget har fått eigen inngang, der ein kjem inn i ein gang som og vil fungere som grovgarderobe.

Nye grå garderobeskåp med benkar framfor, lite vindauge på veggen bak. - Klikk for stort bilete Rolf Hatlem
Handikaptoalett og dusj. - Klikk for stort bilete Rolf Hatlem

Tilbygget er plassert slik at ein har direkte tilgang til eksisterande bygg, der personalrom og kontor er plassert.

Heile barnehagen har og fått ei sikkerhetsoppgradering med fulldekkande brann- og nødlysanlegg, med direkte varsling til brannvesenet.

Det som står att er asfaltering og litt innreiiningsarbeid. Innreiinga held byggherre på med, men asfaltering er årstidsbetinga så her lyt ein venta til asfaltverka startar opp att for sesongen.

Det er ikkje fastsett dato for offisiell åpning, men den er under planlegging!

 

Jostein Ryland og Rigmor S. Dale med overleveringsprotokoll - Klikk for stort bilete Rolf Hatlem