Markering av 8. mai 2025, ved 9. klasse på Hyllestad skule

8. mai er frigjeringsdagen og veterandagen i Noreg. I år er det 80 år sidan Noreg vart eit fritt land etter 5 år med okkupasjon. 

I dag minnast vi dei som har gitt sitt liv for vår friheit. Vi vil også bruke dagen til å feire at vi bur i verdas fredelegaste land og at verdiar som demokrati, toleranse og friheit er viktige verdiar i samfunnet vårt. Det er vanskeleg å førestille seg, men fred og friheit kan vi ikkje ta som ei sjølvfølge.

Allereie i 1937 skreiv Arnulf Øverland diktet: Du må ikkje sove. Det var som ein advarsel mot det som skulle komme nokre år seinare. Diktet er gammalt, men stadig like viktig i dag. Diktet handlar om at vi alle må bry oss og delta i samfunnet for at det skal fortsette å vere fritt og trygt for alle. 

Fred skapast ikkje ein gong for alle, men må alltid kjempast for.

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer deg selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme
Du har ikke lov å gå der og glemme!