Marint vern av Sognefjorden - utgreiingsfase

Kommunestyret hadde 20.02.2025 besøk av Statsforvaltaren v/seniorrådgjevar Maria Knagenhjelm som orienterte om arbeidet med marint vern av Sognefjorden.

Stortinget har vedteke ein handlingsplan for kolreis Noreg skal følgje opp Montreal-avtalen der ein legg vekt på å beskytte områder som er viktige for biomangfald og økosystemtenester. 

Sognefjorden er peika ut som eit område for ein marin verneplan.

Det marine artsmangfaldet i Vestland er imponerande stort. Tareskogane er også kalt havets regnskoger grunna det høge artsmangfaldet og den store evna taren har til å ta opp karbon. Det er oppdaga korallar, reirskjell, store felt med sjøfjør og mykje anna spennande på botn av Sognefjorden. Og ein ønskjer fisken tilbake til i fjorden!

Ein marin vernplan vil ha ulike geografiske avgrensingar, m.a. rundt tettstader, industri og oppdrett. Kommunane får høve til å kome med innspel kvar ein bør sette slike avgrensingar. Marint vern vil i utgangspunktet ikkje påverke privat eigedom, busetjing på land, regulering av båttrafikk, fritidsfiske og friluftsliv, fiske jf. havressurslova eller eksisterande akvakultur.

Ein marin verneplan vil kunne føre til positive effektar knytt til bedre vern av økosystem, verdsarv, kulturminne og landskap, auka verdi for reiselivet og forhåpentlegvis meir fisk i fjorden.

Marint vern støttar FN sine berekraftsmål: 13 Stoppe klimaendringane, 14 Livet i havet, 15 Livet på land og 17 Samarbeid for å nå måla.

Rapportar, referat og anna dokumentasjon som er tilgjengeleg i Sognefjord-porsessen finn du på statsforvaltaren sine sider.

Marint vern av Sognefjorden

Korallrev - Klikk for stort bileteKorallrev Statsforvaltaren