Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland

I april får mange innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. 

Formål med undersøkinga  

Føremålet med folkehelseundersøkinga er å kartlegge helsetilstand og påverknadsfaktorar for helse og livskvalitet hjå innbyggarane. Resultata er ein viktig del av det lovpålagde oversiktsarbeidet etter folkehelselova og gir nyttig kunnskap for folkehelsearbeidet i både kommunane og fylket. Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune.  

  • Tidsrom for datainnsamling: 16. april–28. april 2026  
  • Kven får invitasjon: Eit utval innbyggjarar over 18 år i alle kommunar i Vestland  

 

Meir informasjon finn de på nettsidene til Vestland fylkeskommune. 

 

Spørsmål?  

Ta kontakt med:  

Mie Dahl Pind: Mie.dahl.pind@vlfk.no  

Thea Christiansen Mandt: Thea.christiansen.mandt@vlfk.no  

Hyllestad 61° nord - ein stad for eventyr og gode liv

Vi vil takke alle som tok seg tid til å delta i omdømeundersøkinga vi nyleg har gjennomført. Vi set stor pris på alle tilbakemeldingane! Dykkar tilbakemeldingar har stor verdi, og vi vil ta dei med oss i det vidare arbeidet med å utvikle Hyllestad-samfunnet til ein enno betre plass å bu og leve.

Mobbeombodet i Vestland

Saman for eit trygt og godt skulemiljø.

Trafikksikker kommune

Mobilbruk er ein kjend årsak til ulykker. Sjølv om handhelden mobil under kjøyring vart forbudt allereie i 2000,  klarar vi framleis ikkje å late den ligge.

Planstrategi og planprogram til kommuneplanen sin samfunnsdel

Planstrategien og planprogrammet til kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedteke i kommunestyret torsdag 7. november.

Skremmande suksess med Halloweenløype i Hyllestad!

Halloweenstemninga var til å ta og føle på då kulturskulen i HAF arrangerte si fyrste Halloweenløype i Hyllestad 29. oktober.

Høyring - Hovudplan vassforsyning, avlaup og vassmiljø 2025-2032

 Utval for Plan og samfunn vedtok i møte 24.09.2024 i sak 24/54 at framlegg til hovudplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø 2025-2032 sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i seks veker.

Spørjetime i kommunestyret

Har du eit spørsmål til ordførar eller kommunestyret?

Landbrukseigedom og driveplikt

Når du eig eit jordbruksareal, har du som eigar ansvar for å forvalte det godt og sørgje for at det er i drift. Driveplikta gjeld for heile eigartida til forskjell frå buplikta som gjeld i 5 år. 

Bokstart – språk frå første stund

Hyllestad folkebibliotek har fokus på lesing med dei minste, og har no kjøpt inn ei fin lita biletbok som heiter “Revungen”. 

Kunst til legekontoret frå Hyllestad Barnehage

Tusen takk til borna frå Granat og Konglomerat i Hyllestad barnehage som har laga dette flotte kunstverket til Hyllestad legekontor.