Fritidsklubben får brei støtte

I haust vart Hyllestad kommune ved Hildegunn og Julie inviterte på inspirasjonsføredrag med Lars  Monsen på Samvirket i Dale. Der var vi så heldige å vere blant mottakarane av eit stort gåvedryss! 

Prosjektet vårt Fritidsklubben Hyllestad fekk ein gåvesjekk på heile 65 000 kr av Sparebank 1 Sogn og Fjordane. Tusen takk til vår lokale bank for den rause støtta!

Utdeling av gåvesjekkar  - Klikk for stort bilete Mailen Hatlem Engdal

Fredag 21. november vart vi overraska av Arve Åsnes frå Gjensidigestiftelsen som hadde med seg ein stor gåvesjekk på 196 000 kr! til Fritidsklubben. Tidlegare i haust hadde vi sendt søknad til utlysinga «Aktiv fritid for alle 2025», og i likskap med søknaden til Sparebankstiftinga fekk vi full utteljing. Ekstra kjekt var det å motta gåve saman med Hyllestad idrettslag som også søkte midlar til inkluderingstiltak for barn og unge.

Utdeling av gåvesjekkar - Hyllestadhallen og skulen i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Stig Hovlandsdak Øverås / Ytre Sogn

Fritidsklubben Hyllestad er ein lågterskel møteplass for barn og unge mellom 5. – 10. klasse. Det er ikkje lagt opp til organiserte aktivitetar, men ungane kan sjølv velje kva dei vil gjere. Spele spel, teikne, gjere lekser, leike, spele pingpong, klatre i buldrevegg eller spele kanonball – for å nemne noko. I tillegg får ungane varmt måltid. 

Dette gjer dei saman med ansvarlege vaksne på fritidsklubben. Fritidsklubben er ein viktig møteplass for å motverke utanforskap og einsemd blant barn og unge. Siste året har talet på barn som deltek i fritidsklubben stege og ein har vore nøydde til å dele opp i fleire grupper for at alle skal få plass.

Det er veldig kjekt at fleire aktørar trur på prosjektet vårt og vil bidra til at vi kan oppretthalde og vidareutvikle tilbodet. 

TUSEN TAKK!