© Visit Fjordkysten og SunnfjordOm undersøkinga
I undersøkinga vart verksemdene spurt om, mellom anna:
- Vekst, utvikling og samarbeid.
- Kommunen si rolle og behov for ein kommunedelplan for næring og verdiskaping.
- Forslag og tiltak for å sikre positiv næringsutvikling i åra som kjem.
For å nå ut til alle registrerte verksemder i Hyllestad kommune vart det sendt ut både e‑post og SMS i to omgangar i svarperioden, med lenkje og oppmoding om å delta i undersøkinga. Totalt vart det sendt 286 SMS-ar og 486 e‑postar. Utsendinga omfatta òg frivillige organisasjonar og ikkje‑næringsdrivande verksemder, men desse vart oppmoda om å sjå bort frå SMS- og E-postvarslinga.
I tillegg vart undersøkinga gjort kjend gjennom kommunen si heimeside, i Ytre Sogn og via delingar frå tilsette, politikarar og Hyllestad Næringsråd.
Av dei 240 registrerte verksemdene i kommunen på tidspunktet for undersøkinga, svarte 53 verksemder. Ein svarprosent på 22,08 prosent er for låg til at resultata kan reknast som representative, og funna må difor tolkast med varsemd.
Takk til alle som tok seg tid til å delta!
Resultat frå næringsundersøking 2025 (PDF, 450 kB)
Kva blir resultata brukt til?
Næringsundersøkinga vart gjennomført i samband med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel. Innspela frå undersøkinga gjev eit utgangspunkt for vidare dialog i planprosessen.
Sjølv om svarprosenten er låg og resultata ikkje er representative, vel ein å presentere funna. Innspela gjev eit indikativt bilete av behov og utviklingstrekk, og bidreg med nyttige perspektiv som kan styrkje den vidare dialogen med næringslivet. Samstundes ønskjer ein å gje ei tilbakemelding til dei som tok seg tid til å svare.