Kvernsteinsprisen 2025

Kvernsteinsprisen 2025 er tildelt Mona Birkeland.

Grunngjeving:

Kandidaten har i mange år drifta Birkeland camping. Ho tipsar turistar om fine turmål og arrangement som er i kommunen, og stiller gjerne som både sjåfør og guide.

Turistane blir gjerne møtt med bollar eller vaflar, og kandidaten kan hjelpe til med garnsetting i Aksevatnet. Campingplassen blir stilt disponibelt til lag, organisasjonar og skuleklassar, og Mona er sjølv ikkje redd for å ta i eit tak. 

 Gjennom tilbodet «På tur med Mona» arrangerer ho turar i nærmiljøet til alle årstider.  På den måten ein pådrivar til å få folk ut i naturen. Mona er aktiv i sosiale media ved å legge ut bilete av fine turar både i Hyllestad og omegn som inspirerer mange.  Ho tek og initiativ til å pynte ved dagsturhytta og ulike fjelltoppar både til 17.mai og jul for å glede andre. 

Mona er aktiv, engasjert og ein positiv bidragsytar i Hyllestad.

 

Mona Birkeland, ordførar og varaordførar - Klikk for stort bileteMona Birkeland, ordførar og varaordførar Hyllestad kommune