Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland

I april får mange innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. 

Formål med undersøkinga  

Føremålet med folkehelseundersøkinga er å kartlegge helsetilstand og påverknadsfaktorar for helse og livskvalitet hjå innbyggarane. Resultata er ein viktig del av det lovpålagde oversiktsarbeidet etter folkehelselova og gir nyttig kunnskap for folkehelsearbeidet i både kommunane og fylket. Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune.  

  • Tidsrom for datainnsamling: 16. april–28. april 2026  
  • Kven får invitasjon: Eit utval innbyggjarar over 18 år i alle kommunar i Vestland  

 

Meir informasjon finn de på nettsidene til Vestland fylkeskommune. 

 

Spørsmål?  

Ta kontakt med:  

Mie Dahl Pind: Mie.dahl.pind@vlfk.no  

Thea Christiansen Mandt: Thea.christiansen.mandt@vlfk.no  

Utskriving av eigedomsskatt 2026

Med bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2026, og med heimel i eigedomsskattelova § 15 og Hyllestad kommune sine eigedomsskattevedtekter § 6-3, leggast eigedomsskattelistene ut til offentleg ettersyn i tre veker, f.o.m. 13.02.2026.

Tilbod om sorggruppe

Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein nærståande, og er ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre i liknande situasjon. Gruppa vert leia av to fagpersonar. 

Kva for kommune blir sommarjobb-meister i Vestland?

Vi utfordrar alle vestlandskommunar til å bli med på ein konkurranse: Kven klarer å tilby flest sommarjobbar til ungdommane sine?

Treg trafikk?

Stress ned og ta trygge val!

Velkommen til biblioteket!

Vi er i ferd med å flytte inn nyoppussa lokale. Ein del bøker står framleis i kassar fordi vi ventar på dei siste hyllene.

Ny løysing for eigenregistrering av eigedomsopplysningar

Kartverket åpnar eigenregistreringsløysinga måndag 9. februar 2026.

Full konsentrert – eller?

Når du køyrer bil, køyr bil!

Overtaking av kontor i Kvernsteinsparken

Hyllestad Kommune har i dag overteke det nye kontorbygget i Kvernsteinsparken frå totalentreprenør Hyllestad Bygg AS.

Resultat frå næringsundersøkinga

No kan du sjå resultata frå næringsundersøkinga som vart gjennomført i perioden 16/10/2025 til 7/11/2025.

Nytt bibliotek og kontorlokale på kommunehuset

Vi har i dag overteke kontorlokale og bibliotek i andre etasje og gler oss til flytting på nyåret!