Hyllestad får 900.000 til å utvikle framtidas bustadtilbod

No startar arbeidet med “Bygg og bu i Hyllestad”.

Korleis kan vi gjere det enklare å finne ein stad å bu i Hyllestad? Kva bustader treng vi i framtida? Og korleis kan vi legge til rette for både unge etablerarar, tilflyttarar og eldre som ønskjer å bli buande i kommunen? 

Desse spørsmåla skal stå sentralt når Hyllestad kommune no set i gang prosjektet “Bygg og bu i Hyllestad”. Prosjektet har fått 900 000 kroner i støtte frå Husbanken og er eitt av prosjekta som har fått tilskot gjennom den nasjonale satsinga på bustadutvikling i distrikta. 

Korleis møte framtidas bustadbehov?

Hyllestad opplever aktivitet og utvikling i næringslivet, og fleire verksemder melder om behov for arbeidskraft. Samstundes veit vi at tilgang på bustad ofte er avgjerande for om folk vel å flytte hit eller bli verande.

Prosjektet skal difor kartlegge behov, samle kunnskap og undersøke ulike bustadløysingar som kan vere aktuelle i Hyllestad. Mellom tema som skal vurderast er ulike eigarformer, prøvebu-ordningar, leige til eige og andre modellar som kan gjere det enklare å etablere seg i bustadmarknaden.

Kva treng Hyllestad? Vi skal lytte og lære.

Prosjektet handlar ikkje om å vedta konkrete byggeprosjekt no. Først skal vi forstå situasjonen betre.

Gjennom det neste året skal kommunen arbeide systematisk med kartlegging, analyse og dialog. Innbyggjarar, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar vil vere viktige bidragsytarar i dette arbeidet.

Målet er å få betre kunnskap om kva slags bustader Hyllestad treng i framtida. Denne kunnskapen skal brukast når kommunen skal planlegge vidare bustadutvikling.

Dette er prosjektgruppa

Prosjektet er organisert i fire arbeidsgrupper som arbeider med ulike delar av bustad- og tilflyttingsarbeidet. Kunnskapen frå gruppene skal samlast og danne grunnlaget for ein heilskapleg bustadplan for Hyllestad.

Prosjektgruppe, 4 personar - Klikk for stort bileteProsjektgruppe "Bygg og bu" Hyllestad kommune

Leiarane av arbeidsgruppene består av tilsette i kommunen med relevant fagkompetanse. I tillegg vil dei nå ut og samarbeide med innbyggjarar, næringsliv, frivillige organisasjonar og andre ressurspersonar i lokalsamfunnet. Prosjektet får òg støtte og fagleg rettleiing gjennom distriktssatsinga i Vest.

Foto: (F.v.): Rolf Hatlem (bustadkonsept), Unni Systaddal (bustadrådgjeving), Linnéa H. Meier (behov og plan) og Kristin Solås (integrering og informasjon).

 

 

«Eit godt bustadtilbod handlar om meir enn hus og leilegheiter. Det handlar om trivsel, tilhøyrsle og om å kunne leve gode liv i Hyllestad. Vi ønskjer både å leggje til rette for at fleire kan flytte hit, og at dei som bur her i dag kan bli buande og ha det godt gjennom ulike fasar av livet.»

Les meir om «Bygg og bu i Hyllestad» 

Linnéa Holsen Meier
Næring- og samfunnsutviklar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon 57 78 95 39