Bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i Hyllestad kommune

Hyllestad kommune har vedteke lokal forskrift som opnar for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Føremålet med forskrifta er å avverje alvorleg skade på natur- og samfunnsinteresser som følgje av høg bestandstettleik av hjort, og å bidra til at kommunen når måla for hjorteviltforvaltninga.
 

Dette inneber at:


-    Det er tillate å nytte termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng i Hyllestad kommune.
-    Bruk av termiske eller restlysforsterkande siktemiddel ved felling av hjort skal rapporterast i Hjorteviltregisteret.

Kommunen ynskjer at jaktstatistikk skal rapporterast fortløpande.
Dersom det er spørsmål om jakta, ta kontakt.
 

 

Bakgrunn

Viltressurslova forbyr i utgangspunktet bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt. Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 29a opnar likevel for at kommunane kan fastsetje lokal forskrift som tillèt slik bruk ved jakt på hjort:

«For å avverge alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som følgje av høg bestandstettleik, kan kommunen i forskrift opne for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort. Bruken av restlysforsterkande og termiske siktemiddel skal avgrensast til jakt i ope terreng.»