Startlån

Startlån kan hjelpe deg som har utfordringar med å få vanleg bustadlån.

Ordninga gjer det mogleg for personar og familiar med stabile lave inntekter å kjøpe, behalde eller tilpasse eigna bustad. Startlån passar både for deg som skal kjøpe din første bustad, og for deg som i vaksen alder ønskje å flytte til ein meir eigna eller tilpassa bustad, men som treng litt hjelp for å få det til.

Kva er startlån?

Startlån er ei kommunal ordning som kan hjelpe deg med finansiering når ordinært banklån ikkje strekk til. Lånet kan brukast til kjøp av bustad, tilpassing/utbetring av bustad, refinansiering for å behalde bustad, eller i enkelte tilfeller oppføring av ny bustad.

Kven kan få startlån?

Du kan vere i målgruppa dersom du:

  • har hatt langvarige finansieringsproblem og ikkje får lån i vanleg bank
  • har stabil inntekt (arbeid eller varige ytingar) og evne til å betene lån over tid
  • bur eller har budd i Hyllestad kommune (vanlegvis minst 1 år)
  • har behov for trygg og varig busituasjon, kommunen vurderer kvar sak individuelt, også helsemessige, sosiale eller funksjonsmessige forhold som kan spele inn

Kva kan du få startlån til?

Startlån kan gå til:

  • kjøp av ein eigna bustad
  • refinansiering for at husstanden skal kunne bli buande
  • utbetring eller tilpassing av bustad 
     

Les meir på Husbanken si heimeside

Viktige vilkår

  • Lånet er behovsprøvd, det må vurderast om annan finansiering er mogleg, og om lånet er nødvendig og hensiktsmessig
  • Du må ha evne til å betene lånet over tid med dekning av øvrige nødvendige levekostnader
  • Nedbetalingstid vil kunne variere, i særskilde tilfeller inntil 50 år
  • Lånet vert administrert av kommune sin låneforvaltar (p.t. Sparebank1 Sogn og Fjordane)

Slik søkjer du

Søk startlån gjennom Husbanken her

  • Du sender søknad til kommunen gjennom søknadsportalen til Husbanken
  • Vi handsamar søknaden og gir tilbakemelding så snart som mogleg

Har du spørsmål om startlån?

  • Ta kontakt med Hyllestad kommune på telefon 577 89 500.

Artikkelliste