Startlån og tilskot til bustad

Dersom du ikkje får lån i private bankar, kan startlån frå Husbanken vere ei aktuell låneordning for deg til å skaffe ein nøktern bustad, eller bli buande i ein slik bustad.  Långjevar vil vere Hyllestad kommune.

Kven kan få startlån?

  • Personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad. Det vil seie at du først må sjekke om du får lån i vanleg bank. 
  • Personar som har langvarige problem med å finansiere eigen bustad. 
  • Her ser du aktuelle målgrupper for startlån

Kva kan du få startlån til?

Les meir på Husbanken si heimeside

Kor mykje kan eg låne?

Kommunen kan gje startlån til barnefamiliar, eldre, pesonar med nedsatt funksjonsevne eller andre som bur i ein ueigna bustad og enten vil kjøpe bustad eller utbetre/tilpasse bustaden sin.

Les meir på Husbanken si heimeside

Slik søkjer du

Søknader blir behandla fortløpande. Du vil få skriftleg svar innan fire veker. 

Søk startlån gjennom Husbanken her

Har du spørsmål om startlån og tilskot til bustad?

  • Ta kontakt med NAV Hyllestad om du har spørsmål, telefon 55 55 33 33.

Bustadtilskot til førstegangsetablerarar

Tilskot kan bli gitt til privatperson som ønskjer å busetje seg i Hyllestad kommune, og som byggjer eller kjøper heilårsbustad. Tilskotet er på 10 % av kjøpesum inntil kr 250 000.- og gjeld for nye tilflyttarar og for førstegongsetablerarar i Hyllestad kommune.

Dette er eit kraftig signal om at Hyllestad kommune ønskjer å hjelpe folk med å etablere seg i kommunen.

> Les meir om ordninga og finn søknadsskjema.