Bustadtilskot til førstegangsetablerarar

Bustadtilskot kan bli gitt til privatperson som ønskjer å busetje seg i Hyllestad kommune, og som byggjer eller kjøper heilårsbustad. Tilskotet er på 10 % av kjøpesum, inntil kr 250 000.- og gjeld for nye tilflyttarar og for førstegongsetablerarar i Hyllestad kommune.

Intensjonen med ordninga er å motvirke fråflytting og stimulere for tilflytting.  Ordninga rettar seg mot førstegangsetablerarar.

Kven kan søkje?

  • Privatpersonar som ønskjer å kjøpe eller bygge heilårsbustad som ikkje har eigd bustad i kommunen frå tidlegare.
  • Du som søkjar må vere folkeregistrert i kommunen på tidspunktet for utbetaling av stønad

Korleis kan du søke?

Sjekk først retningslinene om du er i målgruppa.
> Retningsliner for kommunalt bustadtilskot (PDF, 426 kB)

Søknadsskjema for bustadtilskot

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknader vert handsama etter kvart som dei kjem inn.

Bindingstid

Tilskotet utløyser 10 års bindingstid (tid du må bu i Hyllestad) men med 10 % nedskriving av tilskotet kvart år.  Ved eit eventuelt sal av bustaden før det er gått 10 år, skal tilskotet betalast attende i svarsvar med kor mange år ein har budd i kommunen etter at ferdigattest/skøyte vart motteke.

Kvar vil du byggje og bu?

I Hyllestad finn du solrike og attraktive tomter fleire stader i kommunen. Det er kommunale byggefelt som er klargjort med veg, vatn og avløp til tomtegrensa, og private tomter rundt om i grendene i stort sett heile kommunen.

Kommunen har ledige og tilrettelagde tomter i tre kommunale byggefelt. Tomtene er svært attraktive, har flott utsikt, gode solforhold og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa.

For dei som ønskjer større tomt enn dei som ligg i reguleringsplanen, er det mogleg å kjøpe to tomter ved sidan av kvarandre og slå desse saman til ei større tomt. Tomtene ligg i opparbeidde byggefelt på Sørbøvåg, Hyllestad og i Leirvik, og har storleik frå 1000 til 1300 m2. 

Hyllestad kommune ønskjer nye innbyggjarar velkomen, og satsinga på attraktive tomter kjem samstundes som kommunen har jobba mykje med nærings- og samfunnsutvikling dei siste åra. Om du tykkjer dette ser interessant ut, ikkje nøl med å kontakte oss.

 

Dei kommunale tomtene kostar 150.000,- + 20,- per m2.

 

Nedanfor finn du liste over bustadfelta med ledige tomter.  Områda er synt ved reguleringsplanane for områda.  

Kommunale bustadfelt

 

Private bustadfelt

 

For meir informasjon om dei privatetomtene, ta gjerne kontakt med dei nemnte over.

 

Det er og mange ledige hyttetomter i kommunen. Ta kontakt so kan me hjelpe deg.

 

 

 

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29
Laila Johannessen
Næringskonsulent
E-post
Mobil 95 22 48 46