Drøymer du om eigen bustad i vakre Hyllestad?

Hyllestad kommune har ledige og tilrettelagde tomter i attraktive områder. Tomtene byr på:

  • Flott utsikt og gode solforhold
  • Ferdig tilrettelagt infrastruktur (veg, vatn og avløp til tomtegrensa)
  • Opparbeidde byggefelt med gode bumiljø
     

Tomtene har storleik frå 1000 til 1300 m², og for deg som ønskjer meir plass, tilbyr vi høve til å kjøpe to tilgrensande tomter og slå dei saman til ei større eigedom.

Pris: Kr 150 000 + kr 20 per m²

Dette er ei unik moglegheit for deg som vil etablere deg i ein kommune med naturkvalitetar, ro og fellesskap.

Hyllestad kommune ønskjer nye innbyggjarar velkomne!

​Her er ei liste over dei kommunale bustadfelta og ledige tomter: 

Eidsnesfeltet

Myklebustfeltet

Salbu bustadfelt

Sørbø bustadfelt

Øvre Heggebø

 

 

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon 57 78 95 29