Øvre Heggebø bustadfelt

Symbol - Klikk for stort bilete

Bu fritt, landleg og stille, men med godene av å bu i eit byggjefelt!

I Øvre Heggebøfeltet er det i dag regulert 27 bustadtomter i eit barnevennleg og solrikt bustadområde. Av desse er 11 tomter allereie utbygde, og 7 tomter solgt til privat utbyggar. Kommunen har dermed 9 ledige tomter. Dette er tomt 4, 5, 9, 10, 11, 12, 23, 24 og 25.

Tomt 18, 19, 20, 21, 22, 26 og 27 er eigd av Trond M Sognnes AS.  

Ved interesse kan dei kontaktast på tlf. 90699150 eller e-post trond@sognnesas.no

Dei kommunale tomtene varierer frå ca. 1000 – 1300 m2 og kostar 150.000,- + 20,- per m2.

​Byggjefeltet er omringa av fin natur, og ligg like ved Bøfjorden og Leirvik sentrum.

Av omkringliggjande fjell kan nevnast Sauesnyken. Om ein ikkje vil gå heile vegen opp kan ein stoppe ved grillhytta Skogsvegens Panorama.

Tomtene er svært attraktive, har flott utsikt, gode solforhold og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa. I feltet er det elles godt tilrettelagt for born med fin og innhaldsrik leikeplass og ballbinge. Det er bevart naturleg vegetasjon mellom husa, noko som gjer innsyn til eigedomane liten, og ein kan bu fint og uforstyrra.

​Næraste daglegvarebutikk finn du i Leirvik, ca 1,5 km frå byggjefeltet.

Det er fin ny gang- og sykkelveg heile vegen til Leirvik sentrum og i Leirvik finn du også ladestasjon for elbil.  

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomtar, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Planføreserner Øvre Heggebø bustadfelt (PDF, 2 MB)

Kommunekart Øvre Heggebø bustadfelt

Bustadtilskot til førstegangsetablerarar

 

 

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29