Sørbø bustadfelt

symbol - Klikk for stort bilete

Bu fritt, landleg og stille, men med godene av å bu i eit byggjefelt!

I Sørbøfeltet finn du i dag 14 bustadtomter. Av desse er 6 utbygde, og 8 ledige. 5 av tomtene manglar vegtilkomst. Tomtene som er ledige og klar for sal er tomt 5, 6 og 7.

​Tomtestorleik varierer frå ca. 700 – 1800 m2 og kostar 150.000,- + 20,- per m2.

Sørbøfeltet ligg på Sørbøvåg, og er eit barnevenleg område med gåavstand til daglegvarebutikk og hamnepark med leikeområde, badeplass og grillhytte.

Sørbøvåg byr på flotte turterreng, mellom anna ligg Sørbøheia i bakkant av feltet. Sørbøvåg er eit glimrande utgangspunkt for fjellturar, fiske, bading, dykking og sykling. Du kan gå rett frå Sørbøfeltet og opp til Sørbøheia der du vil få ein nydeleg utsikt utover Åfjorden, Lihesten og havet i vest.

​Tomtene har gode solforhold og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa. 

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomtar, du kan stille spørsmål, og bli kjent med området.

Planføresegner Sørbø bustadfelt (PDF, 532 kB)

Kommunekart Sørbø bustadfelt

Bustadtilskot til førstegangsetablerarar

 

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29