Eidsnesfeltet

Symbol - Klikk for stort bilete

Bu fritt, landleg og stille, men med godene av å bu i eit byggjefelt! 

I Eidsnesfeltet finn du i dag 10 bustadtomter. Av desse er det 3 ledige tomter klar for sal. Dette gjeld tomt 2, 3 og 8. Tomtestorleik varierer frå ca. 1000 – 1200 m2 og kostar 150.000,- + 20,- per m2.  

​Eidsnesfeltet er eit kommunalt bustadfelt på Åfjorddalen. Feltet ligg midt mellom Hyllestad og Leirvik og det tek kun 30 minutt å køyre til Dale i Sunnfjord.

​Byggjefeltet er omringa av fin natur, og ligg like ved Espelandsvatnet. Ein kjem nært på naturen samstundes som ein har dei fordelane mange er ute etter ved å bu i eit byggjefelt. I tillegg ligg sjølve feltet svært solrikt til heile året.

Det er bevart naturleg vegetasjon mellom husa, noko som gjer innsyn til eigedomane liten, og ein kan bu fint og uforstyrra.

Tomtene har gode soltilhøve og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa. 

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomtar, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Oversiktsbilde over bustadfelt - Klikk for stort bileteEidsneset bustadfelt Hyllestad kommune

 

Last ned planføresegner for Eidsnesfeltet (PDF, 871 kB)

Sjå kommunekart for Eidsnesfeltet

Bustadtilskot til førstegangsetablerarar

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29