Varsling om oppstart av planarbeid - Detaljregulering av Åfjorden båthamn

13. januar 2022 varsla Stracon AS, på vegne av Åfjorden båtlag, oppstart av planarbeid for ny småbåthamn. Hyllestad kommunestyre gjorde i sak 22/050, den 16.06.2022, vedtak om at kommunen skulle gjennomføre planarbeidet og køyre ein ny planprosess, uavhengig av tidlegare prosessar.

Med bakgrunn i dette vert det på ny varsla om oppstart av planarbeid med detaljregulering for Åfjorden båthamn i Hyllestad jf. §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova (pbl). Asplan Viak AS gjennomfører planarbeidet på vegne av Hyllestad kommune, planarbeidet er også i samråd med Åfjorden båtlag. Det er halde oppstartsmøte med kommunen.

Planområdet

Området som skal regulerast ligg i Sørbøvågen i Hyllestad kommune. Planområdet strekker seg frå Hamneparken i vest, langs neset og vidare austover i Sørbøvågen. Sjå kart under. Varsla planområde er på om lag 50 daa, der 40 daa er sjøområde og 10 daa er land.

 

Føremålet

Hyllestad kommune ynskjer, i samarbeid med Åfjorden båtlag, å utarbeide ein detaljregulering som legg til rette for ny småbåthamn med ca. 60 båtplassar. I sjøen er det ynskje om å legge til rette for ny molo og bølgjebrytar. På landdelen av planområdet skal det leggjast til rette for parkeringsplassar for både eksisterande og nye funksjonar,
vegtilkomst og nokre mindre båtoppstillingsplassar til mellombels bruk. Det kan også vera aktuelt å legge til rette for mindre naust-bygg /sjøboder som lagerfunksjon til båthamna.

Planstatus

Store delar av planpområdet ligg innanfor områdereguleringsplan for Sørbøvåg. gjeldande plan vert fylgjande formål berørt av ny plan: Parkering, vegareal, friområde og friluftsområde, naust, småbåtanlegg, småbåthamn, friluftsområde i sjø, hamneområde i sjø og låssettingsplassar.

Den delen av planområdet som er styrt av kommuneplanen sin arealdel er avsett til
vassareal til ålment fleirbruk.

Plandokument

Varsling om oppstart (PDF, 344 kB)
Vurdering om konsekvensutgreiing (PDF, 454 kB)
Referat - oppstartsmøte (PDF, 314 kB)
Planavgrensing (PDF, 125 kB)

Innspel til planarbeid

Innspel som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast skriftleg til:
AsplanViak AS, Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger, eller via e-post til Turid.Brekke@asplanviak.no

Frist for innspel til planoppstart er sett til 27. januar 2022

Vidare planprosess

I løpet av planprosessen og før planframlegget vert levert til 1. gongs handsaming vil Hyllestad kommune og plankonsulent invitere til eit folkemøte for å drøfta planframlegget og hente inn synspunkt.