Slik søkjer du
Du må fylle ut ein generell søknad der du beskriv behova dine, og kva du treng hjelp til.
Nokre gongar treng kommunen informasjon som er teiepliktig, til dømes frå lege, helsepersonell eller andre, for å kunne vurdere søknaden din. I søknaden kan du velge å samtykke til dette.
Elektronisk søknadsskjema om helse og omsorgsstenester
(Du treng BankID for å logge deg inn og søkje).
Ønskjer du å søkje på papir finn du søknadsskjema nedanfor, dette må du printe ut, fylle ut og sende til kommunen.
Papirskjema - søknad om helse og omsorgstenester (PDF, 169 kB)
Søknad sender du til
Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad
Søkje på vegne av andre?
For å søkje på vegne av andre må du logge inn med eigen BankID.
I skjema må du krysse av for at du søkjer på vegne av ein annan person. Du må òg ha ei skriftleg fullmakt frå den du søkjer på vegne av. Den kan du laste opp i søknaden.
Fullmaktsskjema (DOCX, 41 kB)
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist på helse- og omsorgstenester, søknader som kjem inn vert handsama etter kvart.
Sakshandsaming, klage og søknadsprosessen
Les meir om sakshandsaming, klage og søknadspresessen her:
Kva treng du hjelp til?
Felles tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Hyllestad kommune (PDF, 379 kB)