Vedtak av plan - Reguleringsplan Eide hamn gbr 34/15 mfl.

Hyllestad kommunestyre har fatta følgjande vedtak i sak 23/078, den 02.11.2023:

Hyllestad kommunestyre vedtek, i medhald av plan-og bygningslova § 12-12, Reguleringsplan for Eide hamn, gbnr 35/14 mfl, Plan-ID 2020002. Tiltakshavar må vurdere å setje inn avbøtande tiltak mot vind, t.d. vindskjerm knytt til bustadhuset i vegkrysset.


Formålet med planen er å legge til rette for etablering av marin base på Eide.

Vedtak
Planomtale
Arealkart
Føresegner

Andre plandokument

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa. Ei eventuell klage skal sendast til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad, eller på e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing som fylgje av reguleringa jf. plan- og bygningslova § 32 og 42, må gjerast gjeldande innan 3 år frå denne kunngjeringa.