Utskriving av eigedomsskatt 2023

Med bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2023, og med heimel i eigedomsskattelova § 15 og Hyllestad kommune sine eigedomsskattevedtekter § 6-3, leggast eigedomsskattelistene ut til offentleg ettersyn i tre veker, f.o.m. 10.02.2023.

Naust i snø og soloppgang - Klikk for stort biletePå Sørbøvåg atlefoto

Eigedomsskatt 2023

Eigedomsskattelister 2023 - Hyllestad kommune (PDF, 360 kB)

Skattelistene leggast ut i papirversjon i resepsjonen på kommunehuset og her på våre nettsider frå og med 10.02.2023 til 03.03.2023.

Skattelistene syner dei skattepliktige eigedomane med tilhøyrande takst, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp. 

Fakturering

Eigedomsskatt vert fakturert saman med andre kommunale avgifter, i fire terminar.

Klage på utskriving av eigedomsskatt

Eigar kan klage på grunnlag for eigedomsskatt kvart år dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova § 19.

  • Klagefristen er 6 veker etter at eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn og skattesetelen er sendt til deg. Vedlagt klagen bør det ligge dokumentasjon over forhold du meiner er grunnlaget for klagen. Det vert sett ein endeleg klagefrist til 31.03.2023.
  • Sjølv om du klagar må skatten betalast til forfall. Ved medhald av klagen, vil eventuelt for mykje innbetalt bli tilbakeført til deg.

Klage på grunnlag for eigedomsskatt må sendast skriftleg innan seks veker til postmottak@hyllestad.kommune.no eller til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Hyllestad kommune ved Samfunnsutvikling og teknisk drift på telefon 57789529 eller e-post til gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no.