Spørjetime i kommunestyret

Har du eit spørsmål til ordførar eller kommunestyret?

Kven kan stille spørsmål i spørjetimen?

Alle som er busett i Hyllestad kan stille offentlege spørsmål til kommunestyret.

Kva kan du spørje om?

Spørsmål til spørjetimen må berre gjelde kommunale tilhøve og vere av allmenn interesse for kommunen sine innbyggjarar.

Personlege saker og saker som er unnateke offentlegheit/underlagt teieplikt skal ikkje takast opp.

Spørsmåla skal vere korte og det må normalt berre ta inntil tre minutt å stille dei og inntil fem minutt å svare.

Slik stiller du eit spørsmål

Spørsmåla må sendast skriftleg til ordførar innan 4 dagar før spørjetimen. Spørsmålsstillar må vere til stades i møtet, men vel om vedkomande vil lese spørsmålet sjølv eller om ordførar skal gjere det.

Korleis får du svar?

Kommunestyret sine medlemer og varamedlemer kan sjølve ikkje ta del i spørjetimen.  Ordførar avgjer kven som skal svare på spørsmålet.  

Svar vert gitt munleg i kommunestyret.

 

> Reglement for folkevalde (PDF, 2 MB)

Gjermund Flage
Kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 93 21 87 80