Indrefjord gard fekk Kvernsteinsprisen 2022

Leiar i Kvernsteinsprisnemnda Jan Arvid Støyva (t.v.) og ordførar Kjell Eide (t.h.) delte i dag ut Kvernsteinsprisen 2022 til Indrefjord gard. Indrefjord gard er driven av ekteparet Ina og Ole Ivar Åm Sognnes, med på biletet er òg dei to døtrene deira Marie og Ingeborg.   Gratulerer så mykje med velfortent pris og heider til Indrefjord gard!

HAFS barnevernteneste søkjer besøksheimar, fritidskontaktar og tilsynsførarar

Kunne du tenkje deg å vere besøksheim, fritidskontakt eller tilsynsførar? Ta kontakt med HAFS barnevernsteneste for ein uforpliktande prat og meir informasjon.

Jodtabelettar

Ved atomhendingar er det særskild viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tek jodtabelettar.  Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) tilrår deg å ha jodtabelettar heime.