Varsling om oppstart av planarbeid - Detaljreguleringsplan - Fv.57 Rysjedalsvika ferjekai

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Skildring av tiltaket

Føremålet med reguleringsarbeidet er å leggje til rette for ny ferjekai på Rysjedalsvika som skal erstatte eksisterande ferjekai. Ny ferjekai skal vere tilrettelagt elektrifisering av ferje og kaien skal kunne nyttast som liggjekai for ferjene over natta. Ein skal som ein del av planarbeidet utarbeide eit forprosjekt for å sjå på ulike plasseringar av den nye ferjekaien.

 

Planavgrensing

Plangrensa er ikkje satt, men det ligg til grunn ei varslingssone for varsel om oppstart av reguleringsplan, Figur 1. Denne er ganske stor og omfattar Rysjedalsvika ferje- og hurtigbåtkai, oppstillingsplass, parkering og fylkesveg 57, naboeigedommar, skog, kystlinje, Furuholmen og deler av Rysjedalsvågen.

Bakgrunnen for så stort varslingsområde er for å ha nok areal til å vurdere ulike alternativ plassering av ny ferjekai (som skal gjerast gjennom ein silingsprosess/forprosjekt samt utarbeiding av KU) og areal til rigg- og anleggsområde. Planområdet vert innskrenka når valt plassering av ny ferjekai er bestemt.

Ved å varsle stort nok areal ved oppstart, treng ein ikkje å varsle utviding av plangrensa på eit seinare tidspunkt.

Vurdering av konsekvensutgreiing

Vi har i dialog med Hyllestad kommune vurdert at det er behov for konsekvensutgreiing (KU) i planarbeidet etter forskrifta. Sjå eige vedlegg for vurderinga som er gjort angåande KU.
 

Informasjon

Planarbeidet er kunngjort i Firda 12.06.2025, samt på Hyllestad kommune si heimeside.

Meir informasjon vert lagt ut på Vestland fylkeskommune si heimeside.  
 

Plandokument

Varsling om oppstart (PDF, 289 kB)
Vurdering om konsekvensutgreiing (PDF, 339 kB)
Referat - Oppstartsmøte (PDF, 225 kB)
Planavgrensing (PDF, 881 kB)

 

Innspel til planarbeidet

Vi ber om synspunkt, innspel eller anna relevant informasjon innan 13.07.2025.  

Merknader og synspunkt til oppstart av planarbeidet kan sendast på e-post til post@vlfk.no eller med vanleg brev til:


Vestland fylkeskommune 
Askedalen 2 
6863 Leikanger

Ved spørsmål, ta kontakt med: 
        Planleggingsleiar i Vestland fylkeskommune, Stine Unneland på tlf: 41 57 96 56 
         eller e-post: stine.unneland@vlfk.no