Bakgrunn og føremål med planarbeidet
Norconsult AS er engasjert av Havyard Leirvik AS for å utarbeide framlegg til detaljreguleringsplan for Tersan Havyard, g/bnr. 85/8 m.fl. i Leirvik. Planområdet er på tilnærma 286 daa Bøfjorden, ein sidearm til Sognefjorden. Landarealet ligg på ei landtunge og har fjorden kring seg på 3 kantar.
Føremålet med planarbeidet er å avklare framtidig arealbruk for Havyard Leirvik på kort og lang sikt. I tillegg til vidareføring av dagens drift og funksjonar ved verftet, har Tersan Havyard identifisert følgjande behov for vidareutvikling av verksemda:
- Flytedokk
- Ny kai tilknytt flytedokk
- Tørrdokk
- Ny kai tilknytt tørrdokk
- Miljøstasjon
- Prosjekthall / lager
Dei nye funksjonane er i utgangspunktet tenkt plassert slik det går fram av figur 1 under, men plasseringa er ikkje låst og vil kunne justerast innanfor planområdet, på bakgrunn av funna og vurderingane som vert gjort gjennom planprosessen. I endeleg planframlegg vil arealet i sjø avgrensast til det som er høgst naudsynt for etablering av flytedokk, når endeleg plassering av denne er fastsett.
Storparten av planområdet er allereie nytta til industri og i stor grad prega av tiltak. Det er pårekneleg at dei nye tiltaka vil forsterke industripreget i området og i landskapet.
Følgjande føringar er lagt til grunn for planarbeidet:
- Forsterke og vidareutvikle drifta til Havyard Leirvik.
- Kartlegge og verdsette naturtypar i sjø. Avgrense negative verknadar på vesentlege naturtypeverdiar.
- Kartlegge og vurdere miljøtilstanden (ureining) på og kring verftsområdet.
- Ivaretaking av omsyn til naturbasert sårbarheit.
- Trafikksikker tilkomst til planområdet.
- Reguleringsplanen skal ta høgde for å bygge ut området ut frå ei klimatilpassing. Utforming av området og retningslinene i reguleringsplanen må ta høgde for det.
Figur 1: Framlegg til planavgrensing ved oppstart av planarbeidet. Nye funksjonar/tiltak som del av planen er illustrert med blå transparent farge og tilhøyrande tekst (Kartgrunnlag: Fylkesatlas).Tilhøvet til overordna og gjeldande planar
Gjeldande kommuneplan for Hyllestad kommune er utarbeidd etter plan- og bygningslova frå 1985. I arealdelen til kommuneplanen er det aktuelle arealet på land avsett til industri-føremål. Arealet i sjø er avsett til vassareal for ålment fleirbruk. Jamfør plan- og bygningslova frå 2008 er det lagt til grunn at føremålet samsvara med bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone.
Planområdet er frå før av ikkje planavklara i detaljreguleringsplan.
Planprosess
Det er helde oppstartsmøte med kommunen den 19.12.2024, og avklara at med bakgrunn i planinitiativet og referat frå oppstartsmøtet vil kommunen tilrå oppstart av planarbeidet.
Kommunen har lagt til grunn følgjande for å tilrå oppstart av planarbeidet:
- Vurdere å gjennomføre ope folkemøte
- Orientering om planarbeidet frå Tersan Havyard i plan- og samfunnmøte den 4. februar.
Planen fører etter kommunen si vurdering til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova, men ikkje utarbeiding av planprogram.
Kommunen har vurdert kven som skal varslast om planarbeidet. Alle kjende grunneigarar/naboar som grensar til eller ligg innanfor planområdet får tilsendt dette varselet. I tillegg vert oppstart av planarbeid annonsert i Firda
Plandokument
Varsling om oppstart (PDF, 139 kB)
Vurdering om konsekvensutgreiing (PDF, 119 kB)
Referat - oppstartsmøte (PDF, 337 kB)
Planavgrensing (PDF, 50 kB)
Innspel til planarbeidet
For nærare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:
Cornelis Erstad
mob. 410 43 715
e-post: cornelis.erstad@norconsult.com
Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv:
Norconsult AS v/Cornelis Erstad
cornelis.erstad@norconsult.com
Campus Fosshaugane
Trolladalen 30
6856 Sogndal
Vi ber om at ev. innspel til varsel om planoppstart vert sendt skriftleg innan 27.01.2025.