Har du orden på eigenberedskapen?

Vi lever i eit trygt samfunn, men straumbrot, ekstremvêr, bortfall av vatn, mobilnett eller internett og andre uønska hendingar kan påverke kvardagen vår. God eigenberedskap handlar ikkje om å vere redd, men om å vere førebudd.

Norske styresmakter tilrår at flest mogleg skal vere førebudde på å klare seg sjølve i éi veke dersom ei krise oppstår. Når fleire kan ta vare på seg sjølve og dei rundt seg, kan kommunen og nødetatane prioritere hjelpa til dei som treng henne mest.

Kva bør du tenke gjennom?

Ein god start er å sjå på korleis du og husstanden din vil klare seg dersom straumen, vatnet eller kommunikasjon vert vekke. Tenk særleg gjennom:

  • Har du drikkevatn og mat for 7 - 10 dagar?
  • Korleis du kan halde deg varm dersom straumen går?
  • Har du nødvendige medisinar og førstehjelpsutstyr?
  • Tenk over lys, batteri, lommelykt og høve til å lade nødvendig utstyr
  • Korleis kan du få informasjon dersom mobilnett og internett ikkje fungerer
  • Har du ein beredskapsvenn, kven kan du hjelpe og kven kan hjelpe deg?

    Du treng ikkje ordne alt på ein gang, sjekk først kva du har heime og bygg opp beredskapen litt etter litt.

Kva om mobil og internett dett ut?

Temaet for Eigenberedskapsveka 2026 er krisekommunikasjon ved bortfall av elektronisk kommunikasjon.
DSB - Er du forberedt på å miste nettet?
DSB og NKOM - Råd hvis internett og mobilnett ikke virker

Lokalt informasjonspunkt

Biblioteket på kommunehuset vil vere lokalt informasjonspunkt dersom straumen vert vekke over tid.

NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også dersom andre nyheitsmedia og offentlege nettstadar ikkje er tilgjengelege. Hyllestad kommune vil informere om ulike hendingar via heimesida.

Informasjon om kriser - ver kjeldekritisk

Matberedskap

Mat er viktig - les meir om korleis oppbevare mat over tid