Du er ein del av Noregs beredskap - dette bør du ha heime

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på å møte uventa situasjonar. Jo fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølv og hjelpe andre ved ei hending, jo betre rusta står vi som samfunn.

Om vi blir ramma av ei stor hending eller krise er det mange som treng hjelp. Ved å vera førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Hugs at litt førebuing er betre enn ingenting!

Gjer enkle førebuingar heime

Det skal ikkje mykje til for at du og din familie skal kunne klare dykk sjølve i inntil ei veke.  Mykje av det du treng har du kanskje allereie?

Nedanfor finn du døme på kva det er lurt å ha heime:

  • Mat og vatn
  • Reint drikkevatn lagra på dunkar eller flasker (tilrådd 20 l per person)
  • Mat som tåler å bli lagra i romtemperatur
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøkken
  • Ekstra gassbehaldar eller brennstoff
  • Mat og vatn til kjæledyr (om du har det)
  • Litt kontantar og fleire betalingskort
     
  • Varme og lys
  • Varme klede og pledd, dyner eller soveposar
  • Fyrstikker og stearinlys
  • Ved - dersom du har vedomn eller peis
  • Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk
  • Avtale om overnatting
  • Lommelykter som går på batteri, sveiv eller solceller
     
  • Legemiddel og hygiene
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr
  • Jodtabeletter (gjeld barn og vaksen under 40 år, gravide og ammande)
  • Hygieneartiklar i form av våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir, bind og tampongar
     
  • Informasjon mm
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller
  • Batteri og opplada batteribank
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes nødnummer og nummera til legevakt, veterinær, familie, vener og naboar
  • Beredskapsvenn - finn ut kven du kan hjelpe og kven du kan få hjelp av
     

Les meir om eigenberedskap på nettsidene til sikkerhverdag.no