Slik skaffar du deg vassmålar

Med vassmålar betalar du berre for det faktiske forbruket ditt for vatn og avløp.

Slik skaffar du deg vassmålar

Du må kontakte røyrleggar. Røyrleggar monterer vassmålaren og melder den inn til kommunen.

Vassmålar leigast ut av Hyllestad kommune, og kan hentast på Plan og utvikling i 2 etg. på kommunehuset.

Pris for leige av vassmålar går fram av gjeldande gebyrregulativ.

Skjema for registrering av ny vassmålar

 

Les av vassmålaren din

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år. Du kan registrere vassmålarstand i elektronisk skjema:

Send inn skjema med vassmålarstand

Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35