Parkeringsløyve

Parkeringsløyve for rørslehemma gjev deg rett til å parkere på offentleg skilta og reserverte parkeringsplassar, merka for rørslehemma utan å betale avgift.  Parkeringskortet er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon.

Kven kan søkje?

Førar av motorvogn som ikkje kan, eller har store vanskar med å gå, kan søkje om parkeringsløyve. Det same kan ein passasjer som regelmessig treng hjelp av førar utanfor motorvogna, og som ikkje kan, eller har store vanskar med å gå. 

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Du må sjølv innhente ei legeerklæring hos din fastlege som du må legge ved søknaden, og kommunen kan ikkje handsame søknaden din dersom denne ikkje ligg føre.

Parkeringsløyvet vert innvilga for inntil 5 år om gangen.

Søknadsskjema

Legeerklæring som må leggast ved søknad

  • Søknad kan sendast til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad,  
  • Treng du hjelp utover rettleiinga som ligg ved skjemaet, kan du kontakte Hyllestad kommune på telefon 577 89 500 for nærare rettleiing og eventuell timeavtale.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist for å søkje om parkeringsløyve, søknader vert handsama etter kvart som dei kjem inn.

Pris

Ordninga er gratis.

> Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede

Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00