NAV Hyllestad

NAV-kontoret hjelper deg som skal søkje om sosiale tenester.  

Logg deg på Ditt NAV

  • Ditt NAV er ei sikker påloggingstenesta via ID-porten.  Her finn du opplysningar om saka di, og du kan ha ein skriftleg dialog med NAV.
  • Du kan òg sende søknader og meldekort via Ditt NAV.  Har du alderspensjon i kombinasjon med jobb, kan du endre uttaksgraden din.

Kontaktinformasjon

Opningstider på NAV-kontoret på Hyllestad kommunehus

  • Tysdag 13.00 - 14.00
  • Torsdag 13.00 - 14.00   

Timeavtalar utanom desse tidene vert etter nærare avtale med NAV Hyllestad. 

  • Om du har ei sak hos NAV, ta kontakt direkte med din kontaktperson gjennom dialogmelding i aktivitetsplanen eller ring direktenummeret.
  • Andre ringer telefon 55 55 33 33 eller skriv til oss på nav.no

Om du har avtale utanom opningstida så vil kontaktpersonen din komme og hente deg om du ventar ved ekspedisjonen eller utanfor NAV-kontoret/tannlegekontoret.

Økonomisk stønad og sosiale tenester

  • Du kan søkje økonomisk sosialhjelp dersom du ikkje har midlar til nødvendig livsopphald.
  • Du kan søkje om sosialhjelp digitalt heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett. For å søke sosialhjelp digitalt, må du logge seg inn på Ditt NAV med BankID eller andre sikkerhetsløysningar som Buypass eller Comfides.
  • Treng du hjelp til utfylling, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ønsker å sende digital søknad, kan du framleis nytte papirsøknad. Ønsker du time med ein rettleiar tilrår vi at du du tek kontakt for avtale på førehand.  

Sjå informasjon her:  Veivisar økonomisk sosialhjelp nav.no

  • Ring 55 55 33 33, taste-val 1: Sosiale tenester
  • Du kan framleis levere søknad på papir: Søknadsskjema på papir (PDF, 488 kB) finn du også på NAV-kontoret.

Kvalifiseringsprogrammet (KVP)

  • Kvalifiseringsprogrammet (KVP) er for deg mellom 18-67 år som ønskjer å arbeide, men treng oppfølging for å klare det. Sjå meir informasjon om Kvalifiseringsprogrammet.
  • Ta kontakt med oss for nærare avklaring om du har rett til å delta i Kvalifiseringsprogrammet.

Nyttige lenkjer

 

Har du mistanke om trygdesvindel eller arbeidskriminalitet, og ønskjer å tipse NAV, kan du ringe oss på telefonnummer 55 55 33 33. Du vil då bli sett over til ein saksbehandlar som arbeider  med dette området.

Les meir om Innsats mot trygdesvindel og arbeidslivskriminalitet på NAV sine sider