Følgjekort for personar med funksjonshemming

Eit følgekort gir deg rett til å ha med ein følgeperson (ledsagar) til dømes på kino, i symjehall eller på buss og tog. Følgepersonen slepp å betale for billetten sin. 

Kven kan få tilbodet?

Du kan få følgekort dersom du har nedsett funksjonsevne og treng å ha med følge i samband med transport og kultur- og fritidsaktivitetar.

Slik søker du

Du fyller ut ein kort grunngiven søknad og sender med passfoto. 

Søk om følgekort 

Kva er følgekort ?

Følgekort er eit kort som viser at du treng følgeperson. Du bestemmer sjølv kven som skal vere følgeperson. Det treng ikkje vere same person kvar gong.

Følgekortet er personleg, med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.

Sjå nettsida til helsenorge.no for meir informasjon om følgekort (ledsagerbevis). 

 

Kvar gjeld kortet?

Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller instutisjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje kan nyttast  alle stadar, må du sjølv ofte undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.

Hyllestad kommune oppmodar arrangørar om å skrive ut og henge plakaten godt synleg dersom ein kan nytte følgekort på dykkar arrangement.

 

Plakat for følgekort (PDF, 55 kB)

 

 

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få følgekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgekort vert akseptert. 

 

Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg, og prøver å gi deg eit svar innan 14 dagar. 

 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Ekspedisjonen på telefon 577 89 500. 

 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje tilbod om følgekort, gir vi deg ei grunngiving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

 

Lov