Flyktning og integrering

Flyktningtenesta i Hyllestad kommune har ansvar for mottak, etablering og god integrering av nye flyktningar i kommunen.

Om flyktningtenesta

Flyktningstenesta hjelper mellom anna til med:

  • Å skaffe bustad
  • Etablering
  • Praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet
  • Oppfølging av introduksjonsprogram i samsvar med integreringslova

Om busettingsarbeidet i Hyllestad kommune

Flyktningar som har fått opphald i Noreg skal busettast i ein kommune. Dette ansvaret ligg hos Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og kvart år oppmodar IMDi kommunane om å busette eit visst tal flyktningar. Oppgåva er frivillig, og det er kommunen sjølv som avgjer kor mange flyktningar ein ønskjer å busetje.

Hyllestad kommunestyre har gjort vedtak om å busette 45 flyktningar no i 2022.

For vaksne flyktningar i aldersgruppa 18- 55 år, skal kommunen leggje vekt på opplæring i norsk språk og samfunnsliv og gje moglegheit for språk- og arbeidspraksis slik at ein på kort eller lengre sikt kan gå inn i ordinært arbeidsliv. Den overordna målsetjinga er at ein skal delta i det ordinære vaksenlivet og dermed klare seg sjølv. Ved å gjere vedtak om busetting, har kommunen forplikta seg på å gje tilbod om introduksjonsprogram i samsvar med integreringslova.

Korleis kan du bidra?

Hyllestad kommune ønskjer at du som er engasjert og som ænskjer å gjere ein skilnad, set ditt preg på denne viktige samfunnsoppgåva i lag med kommunen. Vi håpar at vi i fellesskap kan finne fram til gode idéar om møteplassar, aktivitetar og anna som gjer at flyktningane kjenner seg velkomne i kommunen vår og vert ein del av lokalsamfunnet.

  • Er du privatperson eller lag/organisasjon som ønskjer å bidra som fadder/ med sosiale aktivitetar?
  • Er du arbeidsgjevar som ynskjer å gje tilbod om språk-/ arbeidspraksis?
  • Ønskjer du å bidra på andre måtar?
Kristin Solås
Fagleiar flyktning og integrering
E-post
Telefon 57 78 95 07
Mobil 41 84 44 34