Dør til dør-kort/ tilrettelagt transport

Har du ei funksjonshemming som fører til at du ikkje kan nytte kollektiv transport, så kan du søkje Vestland fylkeskommune om dør til dør-kort/TT-kort.

Kven kan søkje?

  • Ordninga gjeld personar over 10 år som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss.
  • Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst to år.

Korleis søkjer du?

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og legeerklæring. Du fyller sjølv ut søknadsskjema. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa skal fyllast ut, underteiknast og stemplast av lege. Begge skjema må vere fylt ut før vi kan behandle søknaden. Send skjema samla til:

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen

Her er skjema

Søknadsskjema

Legeerklæring

Les personvernerklæring

Kven behandlar søknaden?

Fylkeskommunen gjer vedtak i saka på grunnlag av ei tilråding frå den fylkeskommunale legenemnda. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla.

Du kan klage på avslag

Får du avslag kan du sende klage til: 

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen

Kontaktinformasjon TT-kort

Telefontid 09-11
Telefon 55 23 93 63
Send e-post

> Vestland fylkeskommune om TT-kort