Bustøtte

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Er du i målgruppa for å få bustøtte?

På Husbanken sine nettsider kan du sjå om du kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva grenser for inntekt som gjeld.  Her kan du òg prøve bustøttekalkulatoren.

Les meir om dette på Husbanken sine nettsider og sjekk bustøttekalkulatoren.

Søknadsfrist

  • Søknadsfristen for bustøtte er den 25. i kvar månad.
  • Du får svar innan den 20. neste månad saman med eventuell utbetaling.
  • Får du bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad om det ikkje skjer endringar.
  • Dersom du får avslag fordi du har for høg inntekt ein månad, vert søknaden din automatisk overført til neste.  Dette skjer i 3 månader før søknaden vert sletta på grunn av for høg inntekt.

Slik søkjer du om bustøtte

Du kan søkje om bustøtte elektronisk eller på papir

> Her finn du elektronisk søknadsskjema for bustøtte

> Her finn du søknadsskjema for bustøtte på papir

Søknad på papir sender du til:
NAV Hyllestad
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad

OBS!  Ikkje send søknad om bustøtte på e-post.

Du må melde frå om endringar

Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.  Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i opplysningane du har oppgitt i søknaden din.  Dette gjeld mellom anna dersom

  • du har vesentlege endringar i inntekt og/eller formue
  • ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • bukostnadane endrar seg
  • ein i huslyden blir student
  • tal barn i husstanden har endra seg

Dersom du/de flyttar til ein ny bustad må det sendast ny søknad om bustøtte.

Du kan klage på vedtaket

Du kan klage på vedtak om bustøtte dersom du meiner at veddtaket er gjort på bakgrunn feil opplysningar.  Klaga må vere skriftleg, og du må grunngje klaga og legge ved eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon.  Du har tre veker frist til å klage etter at du mottok vedtaket.

Klage sender du til
NAV Hyllestad
LIfjordvegen 7

6957 Hyllestad

Lovverk

Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot
Forskrift om bustøtte
Husbanken om bustøtte