Fiber og breidband

Hyllestad kommune satsar målretta på å styrkje infrastrukturen for framtida, med særleg vekt på utbygging av fiber og breiband. Vi ser på digital tilgjenge som ein grunnleggande del av eit godt tenestetilbod og eit levande lokalsamfunn – og vi meiner at alle innbyggjarar skal ha tilgang til stabil og rask nettilkopling, uansett kvar dei bur.

Skifjorden

Status på fiberutbygging i Skifjorden finn du på Enivest si heimeside her.

Sundbotten-Hydalen-Horne

Status på fiberutbygging i Sundbotten-Hydalen-Horne finn du på Enivest si heimeside her.

Innbyggjarbidrag

Hyllestad kommunestyre har vedteke at det skal betalast eit innbyggjarbidrag for bustadar og bedrifter som vil kople seg til breidband/fiber. Innbyggjar - og bedriftsbidrag, for 2026 kr 8750,- vert fakturert direkte frå kommunen når det føreligg melding om påkopling.

Mobilutbygging

Kommunen er pådrivar for eit par mobilutbyggingsprosjekt av Telenor, og har sendt førespurnad om ny sentral på Sørbøvåg som har manglande dekning på mobilnettet.

For Leirvikområdet har Telia søkt om å få sette opp ny mast og sendar. Byggeløyve er godkjent, Hyllestad kommune er ikkje kjend med når den vert montert.

Kontakt og tilbakemeldingar

Ta gjerne kontakt for informasjon, innspel og tilbakemeldingar, vi vil gjerne høyre frå dykk.

Ring 57789500 eller send e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no

Rolf Hatlem
Prosjektleiar
E-post
Telefon 57 78 95 37
Mobil 99 28 14 04