Kommunen skal leggje til rette for medverknad i planarbeidet. Innbyggjarar, lag og organisasjonar, offentlege myndigheiter, næringsliv og andre interesserte skal ha høve til å kome med innspel og merknader.
I arbeidet med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel, som starta i 2024, er det gjennomført fleire medverknadsaktivitetar både før og i høyringsperioden. Målet har vore å innhente synspunkt, erfaringar og kunnskap frå ulike grupper i lokalsamfunnet for å sikre eit breitt og godt kunnskapsgrunnlag for planen.
Innbyggjarundersøkinga
I perioden 17. juni til 1. juli 2025 vart det gjennomført ei innbyggjarundersøking. Til saman deltok 332 innbyggjarar. Innspela frå undersøkinga har gitt eit viktig kunnskapsgrunnlag for revisjonen av samfunnsdelen og vil òg vere nyttige i det vidare arbeidet med utvikling av kommunale tenester.
Sjå resultata frå innbyggjarundersøkinga (PDF, 552 kB)
Næringsundersøkinga
Næringsundersøkinga vart gjennomført i perioden 16. oktober til 7. november 2025. Av dei 240 registrerte verksemdene i kommunen på tidspunktet for undersøkinga, svarte 53 verksemder.
Sjå resultata frå næringsundersøkinga (PDF, 450 kB)
Barnetråkk
Barnetråkk vart gjennomført som ein del av revisjonen av kommuneplanen sin samfunnsdel. Kartlegginga vart gjennomført ved Hyllestad skule 28. november 2025, med deltaking frå 38 elevar på 5. til 7. trinn.
Gjennom Barnetråkk-verktøyet har barn og unge fått høve til å dele korleis dei bruker nærmiljøet sitt.
Sjå resultata frå Bårnetråkk 2025 (PDF, 8 MB)
Arbeid i politiske utval og administrasjonen
I 2024 og 2025 vart det gjennomført fleire arbeidsverkstader som del av revisjonen av samfunnsdelen. I starten av planarbeidet var Utval for plan og samfunn politisk styringsgruppe. Frå 1. januar 2026 vart ansvaret overført til formannskapet, etter at utvalet vart avvikla. Utvalet fungerte også som politisk drøftingsarena med deltaking frå alle partia i kommunestyret.
Leiargruppa til kommunedirektøren har vore den administrative koordinerings- og samordningsgruppa, og har sikra god forankring på tvers av sektorar og blant dei tilsette.

Arbeid i kommunale råd og næringa
I høyringsperioden vart det gjennomført dialog- og innspelsmøte med elevrådet, ungdomsrådet og innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. Næringslivet har også medverka i planarbeidet gjennom informasjon og dialog med reiselivsgruppa og styret i Hyllestad Næringsråd, som vart oppmoda til å sende eit samla høyringsinnspel frå medlemsverksemdene.
