Tilskotsordningar

Hyllestad kommune sine tilskotsordningar er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i regionen kommunen. Retningsgjevande for tildelingar er kommunen sine mål, strategiar og prioriterte tiltak for det langsiktige arbeidet med næringsutvikling, slik det er vedteke i kommuneplanen sin samfunnsdel og årlege handlingsplan. Pr. dags dato har kommunen tre forskjellige tilskotsordningar med sine tilhøyrande vedtekter. Les om forskjellane på dei ulike tilskotsordningane nedanfor.

Felles for alle tilskotsordningane. Nyttig info til søkjar.

 

Tilskotsordningane har ikkje faste søknadsfristar. Det vil sei at:

  • Den løpande moglegheita til å søkje om prosjektmidlar kan føre til mindre føreseielege tilhøve når det gjeld både tidspunkt og omfang av tilgjengelege midlar.
  • Tilgjengelege midlar på dei forskjellige ordningane vil variere frå månad til månad.

 

Grunnen er at tilskota vert bunden opp i prosjekt. Desse prosjekta vert fullført/avslutta fortløpande, noko som gjer at tilskotsmidlar kan bli tilgjengelege att - på bakgrunn av til dømes: 

  • Prosjekt som har endra seg.
  • Prosjekt vert «avlyst».
  • At dokumenterte kostnadar er mindre enn løyvd sum. Det vil sei at sjølv om fondet er «tomt», kan det endre seg fortløpande. 

 

Til info: Kommuneplanen sin samfunnsdel er under revisjon. Samfunnsdelen er retningsgjevande for alle tilskotstildelingar gjeve av kommunen. Etter samfunnsplanen er revidert og vedteken, er det planlagt å revidere vedtektene/retningslinjene til tilskotsordningane, samt sjå nærare på innføring av søknadsfristar. Føremålet med revisjon og endring av tilskotsordningane er å tydeleggjere retningslinjene, sikre lik sakshandsaming og gjere det meir føreseieleg for søkjar.

 

Næringsfondet

Retningsgjevande for tildelingar frå fondet er kommunen sine mål, strategiar og prioriterte tiltak for det langsiktige arbeidet med næringsutvikling, slik det er vedteke i kommuneplanen sin samfunnsdel og årlege handlingsplan. Forutan retningsliner gitt av fylkeskommunen, vil forskrift og retningsliner for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel frå KMD, og det til ei kvar tid gjeldande økonomireglementet for staten, gjelde for tildeling, bruk og forvaltning av kommunale næringsfond.

Midlar tilgjengelege på det kommunale næringsfondet er tidlegare tildelingar frå fylkeskommunen. Fram til 2021 vart søknadar til det kommunale næringsfondet kunngjort, sendt inn og handsama på Reginalforvalting.no. Restmidlar frå ordninga vert ikkje lenger handsama her, men ved å sende inn ein søknad jamfør vedtekter til postmottaket i Hyllestad kommune, eller kontaktperson nedst på sida.

 

Vedtekter for Hyllestad kommune sitt næringsfond finn du her (PDF, 2 MB)

  • Hovudføremål: Oppstart bedrift, bedriftsutvikling, næringsutvikling m.m.
  • Status: Tomt

 

Hyllestadfondet 

Med bakgrunn i at Hyllestad kommune har motteke betydelege midlar frå det nasjonale Havbruksfondet, vedtok Hyllestad kommunestyre at nokre av desse pengane skulle komme næringslivsarbeidet til gode og ein oppretta «Hyllestadfondet». Fondet erstattar ikkje det ordinære kommunale næringsfondet, men utgjer eit tillegg og eit alternativ til dette. Skulle det mangle økonomiske midlar i det kommunale næringsfondet, eller at søknad fell utanom næringsfondet sitt formål og rammer i h.h.t. vedtekter, kan søknaden bli teken til handsaming i Hyllestadfondet. 

 

Vedtekter for Hyllestadfondet finn du her. (PDF, 351 kB)

  • Hovudføremål: Tiltak og prosjekt i regi av lag/organisasjonar, næring, samarbeid mellom desse, bu-lyst og trivselstiltak.
  • Status: Søkbare midlar tilgjengleg.




Konsesjonsfondet

Konsesjonsfondet i Hyllestad kommune er eit kommunalt fond som får årleg tildeling frå energiselskapet. Konsesjonsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet med å styrke næringsliv, busetting og organisasjonsliv i Hyllestad kommune. Fondet kan nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og til vidare utvikling av eksisterande verksemder. Fondet kan òg nyttast til infrastrukturtiltak, kulturføremål, tilrettelegging av kommunale næringsareal, fellesanlegg, investeringar i fysiske miljø og vassforsyning til den faste busetnaden, samt prosjekt som bidreg til å betre sysselsettinga for kvinner og ungdom.

Fondet kan òg nyttast til utgreiings- og tilretteleggingstiltak i regi av offentleg myndigheit, organisasjonar eller andre samarbeidsgrupper, med mål å auke kunnskapen om utviklinga i eit distrikt, ein bransje eller i form av opplærings-, omstillings-, mobiliserings- og områderetta bygdeutviklingsprosjekt. 

Fondsmidlar kan ikkje nyttast til tradisjonell bruksutbygging i landbruket. Det kan ikkje gjevast støtte frå fondet til gjeldssanering, driftstilskot til verksemder eller til ordinære kommunale oppgåver som til dømes avløning av tiltakskonsulent. Det kan heller ikkje gjevast støtte frå fondet til verksemder som mottar omfattande overføringar over offentlege budsjett, unnateke her er verna verksemder.

 

Vedtekter for konsesjonsfondet finn du her. (PDF, 9 kB)

  • Hovudføremål: Verkemiddel for lokal utvikling, særleg med omsyn til å styrke næringsliv, busetjing og organisasjonsliv
  • Status:  Avgrensa midlar tilgjengeleg

 

Korleis sende inn søknad.


Fyll ut søknadsskjema om tilskotsmidlar, det finn du her. (DOCX, 25 kB)

Du kan sende søknadsskjema på e-post til postmottak@hyllestad.kommune

 

 

Eller du kan sende pr. post til:

Hyllestad kommune

Lifjordvegen 7

6957 Hyllestad

 

NB! Sett deg grundig inn i vedtektene og merk søknaden med kva tilskotsordning du søke på. Søkjar må sjølv følgje med på når midlar er tilgjengeleg å søke på.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Linnéa Holsen Meier
Næring- og samfunnsutviklar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 39