OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Søk fritidsfondet om støtte til å delta i fritidsaktivitetar

Hyllestad kommune sitt fritidsfond skal sikre at barn og unge får delta på ulike organiserte fritidsaktivitetar i kommunen vår.

Hyllestad kommune har oppretta Fritidsfondet for å sikre at barn og unge frå familiar med svak økonomi kan søkje om stønad til organiserte fritidsaktivitetar.  Det er ei tillitsbasert ordning utan krav til dokumentasjon av din økonomiske situasjon.

Kva kan du søkje om støtte til?

  • Medlemskontingent i ulike lag og organisasjonar
  • Trenings- og aktivitetsavgift 
  • Kulturskuleavgift
  • Lisensar
  • Eigendel for turar, treningsleirar, deltaking på stemner, cup m.m.
  • Eventuelt andre ting som vil bli vurdert nærare

Kven kan søkje?

Ordninga gjeld for barn mellom 5 og 18 år som er busett i Hyllestad kommune.

Er barnet ditt mellom 5 og 18 år og busett/folkeregistrert i Hyllestad kommune?
Ja, barnet mitt er mellom 5 og 18 år og busett/folkeregistrert i Hyllestad kommune.
Nei, barnet mitt er ikkje mellom 5 og 18 år og busett/folkeregistrert i Hyllestad kommune.

Beklagar, du er utanfor målgruppa til dette fondet.

Mottek familien støtte frå NAV til fritidsaktivitetar?
Nei, familien mottek ikkje støtte frå NAV til fritidsaktivitetar.

De er då i målgruppa for fritidsfondet.

Send oss gjerne ein søknad (logg inn med IDporten)

Ha klar kvitteringar.

Ja, familien mottek støtte frå NAV til fritidsaktivitetar.

Beklagar, du er utanfor målgruppa til dette fondet.

Nei, barnet mitt er ikkje mellom 5 og 18 år og busett/folkeregistrert i Hyllestad kommune.

Beklagar, du er utanfor målgruppa til dette fondet.

Vel eit av alternativene ovenfor

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, det kan søkjast om stønad gjennom heile året.  Alle søknader vert handsama konfidensielt.

Klage

Du har rett til å klage på veddtaket, klagefristen er tre veker etter at du mottak vedtaket skriftleg.

Til toppen