Undervisningstilbod i kulturskulen i HAF

Kulturskulen er eit kommunalt tilbod for alle som ønskjer å lære, utforske og utvikle seg i kunstfag

Kulturskulen er eit kommunalt tilbod for alle som ønskjer å lære, utforske og utvikle seg i kunstfag. Undervisninga er tilpassa alder, nivå og føresetnader, og vi legg til rette for deltaking uavhengig av erfaring og funksjonsnivå. Vi har stor vekt på meistring, skaparglede og trygge læringsmiljø. Visjonen vår er «oppleve, skape, meistre». 

 
Dans

Musikk

Visuell kunst

Teater

Fordjupning

Kvar og kva tid tilbyr vi undervisning?  

Søk plass
 
 

Aldersgrense- frå og med 2.klasse 

Dans, teater, songundervisning, kor, instrumentopplæring, band og visuell kunst er frå 2. klasse, medan musikkproduksjon og fordjuping er frå 7. klasse. Vi tek også inn vaksne elevar dersom det er ledig plass, men elevar i grunnskule- og vidaregåande skulealder blir prioriterte. På song og enkelte instrument kan det vere venteliste enkelte år; då prioriterer vi elevar frå 3. klasse og oppover. 

 

 
 
Dans  

Dansetilbodet er retta mot elevar i grunnskule og vgs. Nedre aldersgrense er 2.klasse. Dansegruppene er aldersinndelt. Hovudfokuset er rytmisk dans, danseglede og det å kjenne meistring i dansen. Det er ikkje nødvendig med tidlegare erfaring for å delta. Alle kan vere med – finn gleda i rørsle og dans. 

 

På øvingane arbeider vi med: 

 

 

Hugs å bruke komfortable treningsklede og ta med ei vassflaske. 

 

Elevane får høve til å delta i to danseshow i løpet av året. Dansetimane er på 45 minutt i veka for dei yngste og 60 minutt for dei eldre. Vi har også ei fordjupingsgruppe på dans, les meir under fordjuping.  
 
Kulturskulen i HAF har pr haust 2026 tilsett to danselærarar. Vi har plass til ca 150 elevar fordelt på ca 20 dansegrupper i dei tre kommunane.  

 

SØK OM PLASS HER  

 

 

 

Musikk 

Kulturskulen tilbyr opplæring i piano, gitar, bass, ukulele, slagverk, messing- og blåseinstrument, musikkproduksjon, song, kor og band. Tilbodet er for elevar frå grunnskulealder og oppover, og passar både for nybyrjarar og meir erfarne elevar. Elevane treng inga forkunnskap for å bli med.  

Undervisninga er tilpassa alder og nivå, og kan vere både individuell, i små grupper eller i bandsetting, avhengig av instrument og organisering. Elevane treng eit eigna instrument å øve på heime. 

I undervisninga jobbar vi med: 

 

Vi legg vekt på meistring, speleglede og trygge læringsrom der alle kan utvikle seg i sitt eige tempo. 

Tilbodet følgjer skuleruta, og elevane får tilbod om å delta på konsertar og framføringar gjennom året. 

SØK OM PLASS HER 

 

 

 

Visuell kunst 

Visuell kunst er eit fellesnamn for alle typar kunstteknikkar. Kunsttilbodet vårt dekkjer mange teknikkar på morosame og inspirerande måtar. På fine dagar arbeider vi gjerne ute, enten med observasjonsteikning eller måling. Vi bur i ein vakker del av landet, og difor handlar undervisninga òg om å bli kjend med natur og arkitektur rundt oss – og korleis vi kan bruke dette kreativt. 

I kunstrommet jobbar vi anten i grupper eller individuelt med prosjekt der vi lærer nye teknikkar eller øver på ferdigheitene våre. Frå papirmasjéfigurar, tinnforming, silkemåling, toving og veving til portrettmåling, cyanotypi og animasjon – vi arbeider med eit breitt spekter av kunstformer. Alle har ei stemme som blir høyrd; vi jobbar tett med kvar elev for å få fram potensialet deira og gir den tida som trengst. Kunst hjelper barn å uttrykkje seg, byggje sjølvtillit og utforske nye måtar å formidle på. 

Tilbodet følgjer skuletimane og har ei tilrådd aldersgrense frå 2. trinn. Elevane sine arbeid blir viste fram på utstillingar gjennom kulturskuleåret. Alt arbeid som høyrer til eleven, kan takast med heim ved slutten av året. 

 

SØK OM PLASS HER 

 

 

 

 
 
 


 Teater 
 

 
Teatertilbudet er retta mot elevar frå 2.klasse og oppover. Det er ikkje nødvendig med tidlegare erfaring. I teater fremjar vi samarbeid. Mangfald og utforsking av eigne og andre sine kjensler er også grunnleggjande i denne kunstforma. Kom som du er – det er plass til alle.  

 

Kva gjer vi i teater? 

 

Vi ønskjer å gi elevane skaparglede, meistring og eit inkluderande fellesskap der alle får vere med og bidra. 

Tilbodet følgjer skuleruta, og elevane får tilbod om å delta i framsyningar eller visningar i løpet av året. 

SØK OM PLASS HER 

 

 

 

 Fordjupingsprogram i kulturskulen i HAF  

 

Fordjupingsprogrammet er eit tilbod for elevar som ønskjer meir tid, større faglege utfordringar og tettare oppfølging. Kulturskulen i HAF har om lag 400 elevplassar (2026), og vi vil kunne tilby rundt 15 lokale fordjupningsplassar kvart år fordelt på alle fag.  

 

Kva inneber fordjupning? 

 

Kven kan søke? 

 

Slik fungerer inntaket 

 

Vi forventar at eleven: 

 

Eleven kan forvente av oss: 

 

 

Fordjupingsprogram - UNG Vestland 

Vi har også eit fordjupingstilbod i lag med andre kommunar i Vestland.  

Les meir om det her:  

Sunnfjord kommune om fordjupning - UNG Vestland 

 

 

Kvar og kva tid tilbyr vi undervisning?  

Vi jobbar for at flest mogleg elevar skal få eit tilbod nær der dei bur, og for å skape gode, inkluderande og kreative læringsmiljø i alle fag. 

Vi har i utgangspunktet alle tilbod i alle dei tre kommunesentra: Hyllestad, Dale og Fjaler. I tillegg tilbyr vi enkelte fag på fleire andre undervisningsstader:  

 

HYLLESTAD: 

Hyllestadhallen 2.etasje:  

 

ASKVOLL: 

Askvoll skule:  

Holmedal skule:  

Atløy skule:  

Gjelsvik skule:  

Bulandet skule

 

FJALER: 

Dingemoen skule:  

Dansesalen ved Fjalerhallen  

Våge skule:  

Flekke skule:  

 

 

SØK OM PLASS HER  

 

Mats Willemoès Systaddal
Kulturskulerektor
E-post
Mobil 97 46 06 97