Har du lyst å vere med?
Vi ønskjer at du melder deg på til leiar i fritidsklubben Cecilie Marie Løvø, ring eller tekst henne på telefon 908 27 820.
Det går heilt fint om du møter opp utan påmelding ein gang, men om du ønskjer å vere med kvar gang så er det greitt med påmelding slik at vi kan planlegge nok mat til middag og ha oversikt over kven som kjem.
Opningstid
Kvar torsdag etter skuletid og fram til klokka 18.00.
Pris
Tilbodet er gratis.
Om tilbodet
Leiar for klubben er Cecilie Løvø Amundsen, som er utdanna barne- og ungdomsarbeidar. I tillegg har ho med seg Kristin Solås, som er utdanna sosionom.
Klubben held til i det «sosiale rommet» på Hyllestad skule, eit stort rom med sofa, bord og ulike leikar. Det kjem rundt 20 faste påmelde kvar gong, og i tillegg kjem det nokre på drop-in. Veldig kjekt at så mange vil vere med!
Vi startar kvar gong med ei samling der vi vel kven som har kjøkkenvakt og kva dei ulike ønskjer å gjere. Ungdomane vel aktivitetar sjølv.
Det er alltid eit varmt måltid som ei lita gruppe med ungdomar lagar til. Her er det "all inclusive" - frå ønskje om meny, tilbereding, dekking av bord, oppvask og opprydding. På menyen har vi for eksempel taco, tomatsuppe, pizza, risengrynsgraut eller hamburger. Alt etter ønskje frå elevane sjølve. Vi har i tillegg fruktfat eller fruktsalat.
På fritidsklubben har vi brettspel, nokre ynskjer å gjere lekser, vi har rom for ute- og inneleik, Vi har oss òg ei økt i Hyllestadhallen, med kanonball i ulike variantar. Dette har vist seg å vere særs attraktivt.
Fritidsklubben skal vere ein friarena, med stor medverknad av elevane. Vi vil at alle skal bli sett og høyrt!