Fritidsklubben

Hyllestad kommune gir elevar i 5. - 10. klasse gratis tilbod om fritidsklubb etter skuletid torsdagar. 

5. -7.klasse: Torsdagar i oddetalsveker frå skuleslutt til kl. 18.00. 

8. -10.klasse: Torsdagar i partalsveker frå skuleslutt til klokka 18.00.

 

Har du lyst å vere med?

Då må du melde deg på til leiar i fritidsklubben, Cecilie Marie Løvø. Ring eller tekst henne på telefon , eller skriv ein e-post: cecilie.marie.lovo.amundsen@hyllestad.kommune.no

Påmelding seinast dagen før. Dette er fordi vi må vite kor mange vi har ansvar for, og kor mange vi skal lage mat til. 
Det er mogeleg å ha fast avtale om deltaking, men då er det viktig at vi får beskjed ved fråvær.

 

Om tilbodet

Leiar for klubben er Cecilie Løvø Amundsen, som er utdanna barne- og ungdomsarbeidar. I tillegg har ho med seg Frode Holst.

Fritidsklubben har base i det sosiale rommet i Hyllestadhallen. Vi brukar kjøkkenet og kantina i hallen til matlaging og felles måltid.  

  • Samlingsstund med val av kjøkkenvakt og aktivitetar.
  • Varmt måltid og fruktfat/fruktsalat.
  • På fritidsklubben kan du spele brettspel, ping-pong, dart, eller kanonball i idrettshallen. Det er rom for både inne- og uteaktivitetar. Det er og mogeleg å berre slappe av med gode venner, høyre på musikk eller gjere lekser.

Fritidsklubben skal vere ein friarena, der elevane sjølv er aktive medskaparar.

Cecilie Marie Løvø Amundsen
Leiar fritidsklubben
Mobil 90 82 78 20