Om oss

Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler - "Oppleve, skape, meistre”

Tilsette

Mats W. Systaddal
Kulturskulerektor

Tlf. 97 46 06 97

Hanne-Margrethe Heia Dybvik
Vokal, kor og piano

William Anthun
Messingblås og dirigent

Øyvind Selvik
Musikkterapeut og bandinstrument

Costel Laptes
Vokal, bandinstrument og piano

Litt informasjon om kulturskulen

Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler er ei interkommunal tjeneste. Det betyr at desse tre kommunane har ein felles kulturskule. Det vart politisk vedtatt frå og med 1.jan 2024. Tilsaman har vi omlag 380 elevplassar. 

Det er Hyllestad kommune som er vertskommune for kulturskulen. Det vil sei at alle som jobba i kulturskulen er tilsett i Hyllestad kommune. Det er også Hyllestad kommune som sender ut faktura. 

Kulturskulen ynskjer å være eit resurssenter i regionen og samarbeider med mange relevante aktørar i alle tre kommuanane. Kulturskulen er ei lovpålagt kommunal tjeneste som ligg i oppvekstsektoren i kommunen. Fagrådet til kulturskulen består av oppvekstsjefane og kultursjefane i dei tre kommuane.

  • Hyllestad
    Kulturskulen held til i Hyllestadhallen i 2.etasje. Her har vi lokaler for både musikk, kunst og dans. Vi tilbyr musikk til pensjonistar og bebuarar på Eikelund. OBS: ingen andre undervisingstilbod her.  Vi har kontor i kommunehuset på Hyllestad. Ta kontakt om du vil avtale eit møte.
  • Dale
    Kulturskulen held til på Dingemoen skule. Her vi lokaler for musikk og kunst. Dansesalen i Dale ligg ved Fjalerhallen. Vi har kontor i kulturhuset Samvirket. Ta kontakt om du vil avtale eit møte.
  • Askvoll
    Kulturskulen har undervisingsrom for både musikk og kunst på Askvoll skule. Rom for danseundervisning er i Askvoll samfunnshus. Vi har kontor på rådhuset i Askvoll. Ta kontakt om du vil avtale eit møte.
  • Atløy
    Kulturskulen har musikkundervisning i kulturhuset på Atløy.
  • Gjelsvik
    Kulturskulen har musikk og kunstundervisning på Gjelsvik skule.
  • Bulandet
    Kulturskulen har nokre prosjektbaserte tilbod her, men ingen fast undervisning dessverre.

 

Kartutsnitt HAF-området

Kulturskulen er forankra i den nye opplæringslova som vart oppdatert 01.08.2024 

§ 26-1 Kulturskole

Kommunen skal ha eit tilbod om kulturskole til barn og unge, organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet.

§ 26-2 Formålet med kulturskolen

Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.

Planar

Lenke til nasjonal rammeplan